
8. juli blir Erik Tysse å sjå i konkurranse igjen - i Os sentrum (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Håper på stor støtte
Midtsiden skreiv i oktober at Erik Tysse kan få gå i OL om han kvalifiserar seg. Som vi skreiv då jobba miljøet rundt kappgjengaren med å få til eit internasjonalt løp på Os søndag 8. juli, to dagar etter at utestenginga av han blir oppheva.
No har stadfestinga om at stemnet på Os er godkjent og står på den internasjonale terminlista komen.
Løpet blir Erik sin einaste moglegheit til å kvalifisera seg.
- Det var godt å få det stadfesta.
- Klubben min, Norna Salhus, Os kommune og Søfteland TIF blir arrangørar med syster mi Kjersti som stemneleiar, fortel ein glad Erik Tysse.
Rask løype
Erik sjølv har vore mest oppteken av treninga gjennom vinteren, men stemneleiar Kjersti Tysse Plätzer har kontroll på dei tekniske detaljane.
- Det kjem til å bli ei superrask løype midt i Os sentrum.
- At løypa ligg så nær Bjørnefjorden gjer at det er mykje salt i lufta noko som er bra i høve til oksygenopptaket. Både eg og Erik har gått nokre av våre raskaste løp i Os sentrum, fortel Kjersti.
Tysse Plätzer håpar på ei god konkurranse med stor fart.
Siste sjanse i verda
Start og mål blir på torget mellom Libris og Oshjørnet. Løperane går opp til gymsalen på ungdomsskulen, ned igjen over torget til fortauet ved Hatvikvegen og mot den einvegskjørte Brugata tilbake til torget. Runden er ein kilometer og skal gåast 20 gongar.
- Den internasjonale løypemålaren kjem i løpet av april/mai for å kontrollmåla traseen. I tillegg kjem han tilbake frå København på sjølve stemnedagen for å sjå at løperane faktisk går der dei skal.
- Dette blir den absolutt siste sjansen i heile verda kappgjengarane har til å kvalifisera seg til OL, fortel stemneleiaren som håpar på god deltaking.
- Det er òg slik at mange vil ha ei skikkeleg gjennomkøyring ein månad før 20 km i OL. Det kan dei få her på Os, supplerer Erik.
Trent godt
Erik er glad for at det har vore ein vinter uten særleg mykje snø.
- Eg har vore heldig med tilhøva og unngått snø, så eg har fått trent godt på bar asfalt.
- Saman med Stephan (Plätzer, trenaren, journ.mrk) har eg gjort små endringar på opplegget og teknikken som eg føler har gjort positive utslag, avsluttar ein glad Erik Tysse.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
