Sport | 07. jan. 2017

Har booka mykje motstand

Lysekloster trener seks dagar i veka og skal spela ni treningskampar før seriestart.

Har booka mykje motstand
Lysekloster speler vinterens første treningskamp mot Åsane, som dei i fjor var nær på å slå ut av NM. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. jan. 2017 18:44

Juleferien er over og Lysekloster er i gang igjen med oppkøyringa til årets Regionsliga, der både Os og Lysekloster speler i avdeling 4.

Her er terminlista og dato for lokaloppgjera.

Onsdag 4. januar var første trening og 22 av stallen, som no tel 24 spelarar, møtte.

– Denne vinteren har vi éi økt i veka i Vestlandshallen, dei tre andre heime i Framo idrettspark. Banemeisteren gjer ein god jobb og vi kom i gang som planlagt onsdag, trass sludd og frost, fortel hovudtrenar Ruben Hetlevik.

I tillegg er det to dagar i veka med eigentrening og restitusjonsøkter, berre søndagen er fri.

Speler 9 treningskampar på 10 veker

Laurdag 18. mars reiser Lysekloster til spanske Albir på treningsleir i ni dagar.

Både før, under og etter treningsleiren blir det fleire treningskampar, i alt 10 kampar på 10 veker frå 4. februar i veke 5 til 9. april i veke 14.

Seriestart er måndag 17. april i veke 16.

Mykje god motstand

Blant motstandarane det er gjort avtale med er Åsane frå OBOS-ligaen, som Lysekloster gav ein støkk i NM, og Vard Haugesund, som landa på 4. plass i PostNord-avdelinga Lysekloster i haust rykte ned frå.

– Vi ønskjer i utgangspunktet god motstand i alle kampane, spesielt i starten, då vi skal jobba ein del med det defensive, og ønskje å bli pressa, seier Hetlevik.

– Men vi skal òg spela mot 3. og gode 4. divisjon for å testa ut spelet vårt på nivået vi sjølv skal spela på i år.

Her er alle motstandarane

Etter ein internkamp 27. januar er det nettopp Åsane som ventar i første treningskamp mot ekstern motstand. Denne kampen, og dei to neste, går i Vestlandshallen.

Dei andre motstandarane er; Vard Haugesund, Fyllingsdalen, Stord, Vestsiden-Askøy, Varegg, truleg Lura frå Rogaland på treningsleiren, Gneist og Brann 2.

Midtsiden samleside: Fotball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.