Næringsliv | 22. aug. 2017

Har dei «Peiling» på pris?

Kiwi jublar over resultata i Forbrukerrådet sin nye app, Rema og Coop meiner portalen er misvisande.

Har dei «Peiling» på pris?
Trond Hope (Rema), Jan Olav Mjøs (Kiwi) og Øyvind Skogedal (Coop Extra) kjempar om å gje osingane den billigaste maten.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. aug. 2017 12:10

I førre veke lanserte Forbrukerrådet appen «Peiling» og nett-tenesta «Sjekk dagligvarer».

«Hver vares gjennomsnittspris er basert på faktiske salg i butikkene fra og med mandag til og med søndag» skriv Forbrukerrådet om målinga, der du kan finna den lågaste prisen i område der du bur. Er ikkje vara selt i dine nærbutikkar blir det henta pris frå ein annan butikk frå same kjede.

I Os kostar den aktuelle handekorga minst hos Kiwi og mest hos Joker. Prisen varierer frå 5.438 til 6.419 kroner. Etter Kiwi på topp 3 kjem Coop Extra, dei to Rema-butikkane og Meny, mens Coop Prix, Spar og Joker i Os sentrum kjem på 8. til 10. plass.

– Kiwi slåst for å vera billigast kvar dag, og vi er sjølvsagt veldig glade for at denne tenesta viser at vi lykkast både i Os og i resten av landet, seier regionssjef Jan Olav Mjøs.

På lista over alle landets matbutikkar tronar Kiwi øvst på 198 av 200 butikkar.

– Dette forvirrar kundane

Rema 1000, som over mange år har vunne VG Matbørs, peiker på det dei meiner er svakheiter ved appen.

– Verken frukt og grønt eller fisk og kjøt er med i handekorga. Prisane er heller ikkje i sanntid. Både nøytrale ekspertar og organisasjonar, og Norgesgruppen sjølv, har uttalt seg negativt til appen, seier kjøpmann Trond Hope.

– Om forbrukar er på jakt etter den billigaste handekorga med daglegvarer kan dei ikkje bruka denne portalen. Det Forbrukerrådet gjer her er å forvirra kundane, og det beklager vi.

Minimale forskjellar

I Coop si pressemelding om «Peiling» skriv kjeda at dei ønskjer alle intensjonar som kan koma kundane til gode velkomen.

– Resultata i «Peiling» si første handekorg viser at det er minimale prisforskjellar blant lågprisaktørane. Vi veit frå før, gjennom hyppige pristestar, at våre prisar tilsvarar konkurrentane sine, så resultatet var som venta.

Berre 140 kroner skil 1. plassen frå 6. plassen på lista.

– Men det er òg viktig å vera klar over svakheiter i appen, først og fremst at mange varer ikkje inngår i pristesten.

Både Rema og Coop satsar hardt på eigne lågprismerke. Slike varer er ikkje med i testen, det er heller ikkje ferske brød eller varer frå lokale produsentar.

– Det er berre eit lite utval av varene våre, under 20 prosent, som inngår i Forbrukerrådet sitt samanlikningsgrunnlag.

– Alle testar har sine svakheiter

Trass momenta konkurrentane peiker på, gler Kiwi seg over sigeren i pristesten.

– Kor godt synest du tenesta gjenspeiler det faktiske prisbildet?

– Det er styrker og svakheiter ved alle prissamanlikningar. Fordelen med «Peiling» er at den viser snittprisen over heile landet, og ikkje eit øyeblikksbilde i éin butikk. Denne testen er meir vanskeleg å manipulera enn dei vi har sett tidlegare, seier Jan Olav Mjøs.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.