Næringsliv | 29. jan. 2017

– Har du ikkje sjampisbord?

To produktive interiørdamer frå Bergen er blant utstillarane på hyttemessa på Sandsli.

– Har du ikkje sjampisbord?
Marianne Stokke og Britt Hege Karlsen frå byOhDeer har spesialisert seg på hytteinteriør. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. jan. 2017 08:24

Bildeserie:

Eitt av desse eksklusive bada frå Jacuzzi Import er reservert. (Foto: KVB)
Eitt av desse eksklusive bada frå Jacuzzi Import er reservert. (Foto: KVB)
Robuste møblar frå Reint Tre AS frå Valdres. (Foto: KVB)
Robuste møblar frå Reint Tre AS frå Valdres. (Foto: KVB)
Hytteskolen er på plass med to foredrag per dag. (Foto: KVB)
Hytteskolen er på plass med to foredrag per dag. (Foto: KVB)
Ole Skredegård og Ole Dag Meland frå Eikås Hytter & Hus. (Foto: KVB)
Ole Skredegård og Ole Dag Meland frå Eikås Hytter & Hus. (Foto: KVB)
Møblar frå byOhDeer. (Foto: KVB)
Møblar frå byOhDeer. (Foto: KVB)
Dei fleste destinasjonane rundt Bergen er på plass med tomter. (Foto: KVB)
Dei fleste destinasjonane rundt Bergen er på plass med tomter. (Foto: KVB)
Utstillarane var nøgde etter laurdagen. Her etter stengetid. (Foto: KVB)
Utstillarane var nøgde etter laurdagen. Her etter stengetid. (Foto: KVB)
Med flytting frå kjellar til storsal blei messa på «Suitellet» meir staseleg. (Foto: KVB)
Med flytting frå kjellar til storsal blei messa på «Suitellet» meir staseleg. (Foto: KVB)
– Vi har selt veldig godt til no, seier Even A. Nilsen frå MX Sport. (Foto: KVB)
– Vi har selt veldig godt til no, seier Even A. Nilsen frå MX Sport. (Foto: KVB)
1 av 9

Laurdag starta Hyttemessen 2017, som osingen Robert Nøss arrangerer på Quality Hotel Edvard Grieg.

Blant utstillarane er importør Reinhardt Østrem og MX Sport frå Os - og to rimeleg nystarta interiørdamer frå Bergen.

– Vi driv nettbutikk og satsar på den røffe, rustikke hyttemarknaden. Noko produserer vi sjølv, andre varer får vi produsert i Noreg eller importert, fortel Marianne Stokke og Britt Hege Karlsen frå byOhDeer.

Eit eige bord for champagneflaska, eit anna, heimelaga bord av ein trestubbe - og ein unik, hollandsk kombinasjon av bålpanne og barbeque, står i utstillinga.

– Det er lite utval for hytteeigarar på Vestlandet, med mindre dei vil ha det same på hytta som heime, seier dei to gründarane, nøgd med starten på messa.

Fekk napp i boblebadet

To andre utstyrs- og møbelseljarar er Jacuzzi Import AS frå Bergen og Reint Tre AS frå Valdres.

– Vi sel eigenproduserte heiltremøblar og tetningsstoff til laftehytter. Vi har hatt bra med folk innom standen i dag.

Jacuzzi-seljar Anette Flatøy byr på utandørsbobler frå 100.000 til over 200.000 kroner.

– Det går vanlegvis unna eitt eller fleire bad på ei messe. Eg har ein reservasjon allereie, og ser fram til søndagen, og til båtmessa neste helg.

– Fantastisk for oss

Mange av utstillarane er tomte- eller hytteseljarar. Blant dei er Eikås Hytter & Hus.

– Denne messa i Bergen er fantastisk for oss. Det er passeleg med folk så vi rekk å få ein skikkeleg prat med dei fleste, utan å føla at folk står i kø og ventar på informasjon.

– Det hender vi signerer kontrakt på hytter på messa, den gir oss uansett noko å jobba vidare med, seier Ole Skredegård og Ole Dag Meland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.