Lokal | 20. juli 2017

Har du mista fuglen din?

Denne flygande gjesten kom til Austre Lurane i dag. Oppdatert.

Har du mista fuglen din?
Saknar du denne? Finnar har tatt hand om den og ber eigar melda seg.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. juli 2017 11:41

I 10.30-tida torsdag landa ein undulat på rekkverket på terrassen til Cathrine Hylland, som bur i Austre Lurane nær Os sentrum.

– Fuglen var tam og eg fekk tatt han med innandørs, fortel Catrine, som no etterlyser eigar.

– Eg har lagt ut etterlysing nokre stadar på Facebook, førebels utan resultat. Kanskje nokre av Midtsiden sine lesarar veit kven sin denne er, undrast ho.

Oppdatert: Eigar har meldt seg og fått undulaten tilbake. Fuglen høyrer heime på steinneset, og hadde med andre ord ikkje flydd så langt.

Fuglen var tatt innandørs og finnar heldt vindauga stengt fram til eigar kom og henta den.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.