Kultur | 21. mai 2014

Har full kontroll

Berre dagar før omlag 500 songarar inntek Osbygdo har arrangørane god kontroll. – Det eineste vi no ikkje har kontroll på er vêret, seier Jan Terje Skutlaberg.

Har full kontroll
Thore Lunde og Jan Terje Skutlaberg i Os Mannskor har full ro før sangarstemnet på laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 21. mai 2014 11:01

Det har gått med mange timar med nidtidig planlegging for dei åtte i hovudkomiteen når dei no er klare til å ta i mot omlag 500 songarar fordelt på 20 kor førstkommande laurdag.

Då står nemleg nær 70 medlemmar, ektefeller, barn og barnebarn frå Os Mannskor klare til å husa songarstemnet «Leve Sangen» på og rundt Osøyro.

– Det har vore lagt ned mange timar med arbeid og planlegging frå mange flinke folk i og rundt koret.

– No meiner eg vi har full kontroll. Det einaste vi ikkje rår over er vêret, men få dråpene som er varsla på laurdag skal vi takla dei òg, seier stemnegeneral Jan Terje Skutlaberg.

Full fart på øyro

Saman med Thore Lunde, lovar Skutlaberg full fart både på Osøyro, Amfi, Os kyrkje og Oseana.

– Eg håper mange finn vegen til øyro laurdag formiddag når songarane saman med Os musikkforening kjem i eit syngande festtog frå Oseana til torget.

– På øyro blir det opning av stemnet kor vi mellomanna syng "kjenningsmelodien vår" - «Leve Sangen», før blandakora som deltek framfører Henrik Lyssand sin «Sumarkveld ved Fjorden» og mannskora syng «Sangerhilsen».

– Opninga blir avrunda med at alle dei 500 songarane stemmer unisont i «Ossongen». Det kjem til å bli ei stor oppleving, smiler stemnegeneralen.

Heftig logistikk

Medan musikkforeninga held fram med å underhalde på Osøyro, blir kora spredd på fleire konsertstader.

– Vi skal ha to "Singers Corner" på Osøyro og eit på Amfi.

– I tillegg skal det jo vera to konserter både på Oseana og i Os kyrkje.

Sjå nedst i artikkelen kva kor som skal synga kvar og når.

– Det er litt av ein logistikk som skal på plass for å frakta alle til rett plass til rett tid, men vi skal nok få det til.

Håpar på overskot

Sist det blei arrangert songarstemne i Bergensområdet var på Nesttun for tre år sidan.

– Kor tid det sist var på Os er det vel ingen av oss som hugsar.

– Det var jo korforbundet som spørte om nokon var interessert, og vi såg moglegheiten til å både kunne promotera korsong for osingane og å kanskje tene nokre kroner til mannskoret, så vi takka ja.

– Fristar det til gjentaking?

– No får vi no evaluera når stemnet er over, men sålangt er vi ikkje skremt. Planlegginga har gått bra, så skal vi gjera det ein gong til, så har vi lagt eit godt grunnlag, avsluttar Skutlaberg og Lunde.

Her høyrer du korsong laurdag:

Dei fleste av arrangementa er gratis og opne for alle. Kun for konsertane i Oseana tek arrangørane inngangbilletter.

10:45 - Avmarsj frå Oseana til Osøyro torg
11:00 - Opning av stemnet på Osøyro torg
12:00 - Singers corner på torget, framfor Rimi og på Amfi (Lysekoret, Takt og Tone, Fanakoret, Bjørgvin Blandakor, Dale Mannskor, Os Kammerkor, Kor(t)pusten, Breistein mannskor, Korfordet, Dale Mannskor).
13:30 - Konsert i Oseana (Os Vokalis, Nordlandskoret, Lysekoret, Takt og Tone, Bøneskoret, Tysvær Blandakor, Fanakoret, Korfordet)
13:30 - Konsert i Os kyrkje (Korness, Strandvik Blandakor, Breistein Mannskor, Bergen Handelssamfunds sangforening, Unnelandskoret, Albatross, Follesø Mannskor)
16:00 - Konsert i Oseana (Korness, Strandvik Blandakor, Os Kammerkor, Bergen Handelssamfunds sangforening, Unnelandskoret, Albatross, Kor(t)pusten, Follesø Mannskor)
16:00 - Konsert i Os kyrkje (Os Vokalis, Nordlandskoret, Bøneskoret, Bjørgvind Blandakor, Tysvær Blandakor, Dale Mannskor)

Det heile blir avslutta med Sangarball i Nore Neset Aktivitetshus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.