– Har ikkje gjeve opp å halda oss
Os passerte 30 skåringar for første gong denne sesongen, men klarte ikkje å ta sesongens første poeng.
Os - BI 31-34 (13-17)
Os: Einar Godø, Hans Brunvatne, Alexander Heggø 10, Nils Andris Hamre 6, Isak Røen 5, Joakim Blostrupmoen 5, Erik Vågen 4, Trygve Lerch Dahl 1, Bendik Oen, Mats Brunvatne og Kristan Bruarøy.
Herrelaget til Os har hatt ein mildt sagt poengfattig haust, og gjekk i går på sitt tap nummer 8 av 8 moglege.
– Vi har ikkje gjeve opp å halda oss i 3. divisjon, men no har vi ikkje råd til å tapa fleire jamne kampar, seier trenar Alexander Heggø.
Tre av kampane har Os tapt med 4 mål eller mindre. Borte mot Viking 2 blei det 30-29.
– No får vi ein tøff kamp heime mot tabelltoar Åsane på søndag, men over nyttår har vi nokre oppgjer som vi rett og slett ikkje har råd til å tapa om vi skal unngå nedrykk.
31 mål var ikkje nok
Gårsdagens kamp mot BI, som sto med siger i 5 av sine første 8 kampar før oppgjeret i Oshallen søndag, var ikkje blant dei Os trudde ville bli jamn.
– Likevel var det i denne kampen vi passerte 30 mål for første gong denne sesongen. Vi leia i starten, og var oppe i 20-20 i 2. omgang, men var slitne på slutten og fekk dessverre ikkje poeng i går heller.
Nils og Alexander blei toppskårar
Heggø var sjølv på banen i gårsdagens kamp, og då fekk Nils Hamre sleppa å spela strek. Nils blei toppskårar etter Alexander, dei to skåra 6 og 10 mål.
– Etter at Ove (Lyssand) blei skadd har vi brukt Nils ein del på strek. Eg trur han liker seg best som back, han fekk det i alle fall veldig godt til i går.
Os startar 2018 med heimekamp mot Sotra (6. plass) og NHHI (3. plass) før dei får tabelljumbo Stord på bortebane.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.