Lokal | 21. nov. 2014

Har ikkje råd til å venta

Bjånes Fjordboliger AS ønskja ikkje omkamp, men har ikkje råd til å venta på gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen.

Har ikkje råd til å venta
Tom Arne Olsen frå Bjånes Fjordboliger AS presenterte planane for plan- og bygningsutvalet torsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 21. nov. 2014 10:30

Ikkje uventa blei det diskusjon om dispensasjonssøknaden frå Bjånes Fjordboliger AS då plan- og bygningsutvalet (PBU) handsama dei tre første sakane om utbygginga på Bjåneshalvøya torsdag.

Tom Arne Olsen frå tiltakshavaren var invitert i møtet for å presentera planane og for å svara på spørsmål frå politikarane før handsaminga.

– Eg har ikkje noko mot utbygging, men eg blir litt oppgitt over at ein prøver seg på ein omkamp, når PBU var så tydelege og samla i høve rekkjefølgekrava sist.

– Det gjer meg litt forundra, kommenterte Terje Sperrevik (TvS).

Ikkje råd til å venta

Olsen svara Sperrevik med at dei ønskja ikkje ein omkamp, men at det offentlege kunne takka seg sjølv.

– Det er det offentlege som har pålagt seg sjølv å byggja ein gang- og sykkelveg langs Hatvikvegen.

– Det er ingenting i den regionale trafikkplanen for dei kommande åra som heiter Hatvikvegen. Det tyder på at det vil ta minst fem år.

– Vi ønskjer ingen omkamp, men vi har ikkje råd til å sitta å venta.

– Berre no i oppstarten skal vi nytta 100 millioner på veistrukturen inne i området.

– Den risikoen kan vi ikkje ta om vi ikkje har ein dato for når dei første kan få flytta inn, svara Olsen.

Villig til å si ja

Gustav Bahus (Frp) gav Sperrevik rett i PBU hadde vore samla om gang- og sykkelvegen og trafikksikringa i området.

– For å komma i gang er vi villige til å si ja til dispensasjonen.

– Det vil gavne Midtbøvegen og få ein heilskap i dette, så er eg trygg på at vi på sikt vil klare å samla dei 330-350 millionane det kostar å oppgradere Hatvikvegen, ikkje berre med gang- og sykkelveg med heile vegstandarden.

Dei eineste som er store nok

Sperrevik følgde opp sitt eige spørsmål med å spørra Olsen om konsekvensane av eit nei.

– Blir utbygginga då uaktuell?

– Det blir for bastant, men det er store kapitalkostnader som ligg her. Det å ha ei uoversiktlig framtid vil nok gjera at selskapa bak Bjånes Fjordboliger AS vil nytte penga andre plasser.

– For å vera ærleg, så trur eg ikkje det er andre enn våre eigarar som har musklar nok til å gjennomføre dette, svara Olsen.

Bak Bjånes Fjordboliger AS står OBOS Stor-Bergen, Lie-gruppen, Milepel AS og GSE Sandvik AS.

Lanserte delvis opprusting

Harald Døsen (Ap) hadde heller ikkje noko mot utbygginga som sådan, men var lite lysten på å gje dispensasjon frå rekkjefølgekrava.

– Korleis kan vi få dette i gang sjølv om vi ikkje har penger til heile Hatvikvegen no.

– Det er ikkje uvanleg at utbyggarar forskutterer.

– Kunne det vore ein idé at dei var med å forskutterte veg frå Hegglandsdalskrysset inn til Klyva?

– Det er på den strekninga vi må gjera noko for å komma i gang.

– Då blir det snakk om ein heilt anna sum en for heile vegen ut til Hatvik, påpeika Døsen, som ikkje fekk noko klart svar på utspelet.

Dispensasjonen blei godkjent med dei vilkåra administrasjonen foreslo (inntil dei 200 første bustadene) med 5 (Frp/H) mot 4 (Ap, Sp, TvS) røyster.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.