Lokal | 10. des. 2014

– Har kontroll på hovudhuset

VIDEO: Sløkkinga held fram på Steinneset, men brannvesenet har no konroll på brannen i bustaden.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. des. 2014 14:40

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 5
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Det var klokka 14.32 onsdag at Os brannvesen rykte ut på brann i ein bustad på Steinneset.

– Eg kjente svilukt og lurte på om det var nokon som brann bål i nærleiken. Men så kom ein turgåar og fortalte at det var brann i bustaden, fortel Kjell Røttingen.

Røttingen er murmeister og jobba på eit hus i nabolaget då brannen blei oppdaga. Det var murmeisteren som varsla brannvesenet.

– Høyrde eiit smell

Det var ingen inne i bustaden då det byrja å brenna.

Midtsiden kom til staden rett før brannvesenet og rett etter at huseigar, lokalpolitikar Laila Reiertsen, kom heim etter eit kort ærend på Os.

– Eg var heimefrå i ti minutt. Rett før eg kjørte til Os høyrde eg ein smell, og tenkte det var eit lynnedslag i nærleiken, fortel Laila.

Brann i to etasjar

Os brannvesen kom raskt til staden og starta sløkking i første- og andre etasje.

– Vi har no kontroll på brannen i hovudhuset, melder brannsjef Stein Gjøsund klokka 15.30, ein time etter at brannen blei varsla.

Sløkkinga pågår no i eit uthus nær bustaden. Os brannvesen har fått assistanse frå Fana og har fleire røykdykkarar inne i huset.

Julelysa i flaggstanga, som får straum frå bustaden, lyste heilt til BKK klatra opp i ei mast og tok straumen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.