Lokal | 16. feb. 2014

Har me råd til ikkje å prøva?

Lesarinnlegg: Seksten dagars automatisk fritak for gravide arbeidstakarar.

Har me råd til ikkje å prøva?
Laila Reiertsen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. feb. 2014 21:43

Sjukefråværet er stadig eit tema, og ikkje minst kva ein skal gjere for å få det lågare. Ei gruppe som oftast får ekstra merksemd i debatten er dei gravide arbeidstakarane. Her går debatten høgt og lavt om kvifor ein ikkje klarer å halda desse i arbeidslivet gjennom ein større del av svangerskapet .

La det vera sagt, det at ein er gravid er ei stor hending, og den gravide skal, og bør få den beste omsorga, både på vegen til fødsel, og i ettertid saman med den nyfødde og familien.

Men kva skal ein då gjera for at ein får ein nedgang i sjukefråværet hos desse?

Eg har ved fleire høve tatt opp spørsmålet i eigen kommune om kvifor ein ikkje nyttar eigne ressursar til førebygging, tilrettelegging og ikkje minst kompetanseheving opp i mot det å ha ein gravid arbeidstakar i arbeid? Eg har enno ikkje fått klåre svar.

Med eigne ressursar meiner eg, jordmor, fysioterapeut og ergoterapeut. Desse tenestene har vi allereie.

Kvifor skulle ein ikkje nytta dei og opp mot eigne tilsette, og ikkje berre andre innbyggjarar? Er det eit vedtak på papiret som må til?

I 2013 hadde Os kommune eit sjukefråvær på 8,2 %. Det vil sei at det i snitt er over 90 personar vekke frå arbeid på grunn av sjukdom kvar dag. Det er store kostnadar som kunne vore brukt på mykje anna. Eg vil tru at med ein så stor kvinneandel som arbeider i kommunen, og i det offentlige generelt, er det nok ein del av dette talet som skuldast svangerskapsutfordringar.

Om ein så hadde fått til eit godt teamarbeid med jordmor, fysio og ergo kan ein tenkja vidare å løfta det til å gjelda heile landet.

Dette teamet, saman med fastlege som har ansvaret for sjukemeldinga, kan bidra sterkt i høve til den gravide om å meistra eigen graviditet og ikkje minst kan styrkja tilrettelegginga frå arbeidsgjevar.

Og om ein arbeidsgjevar kan visa til at ein har knytt seg til dette teamet med eit pennestrok for å styrkja sitt arbeidsgjevaransvar frå dag éin, så kunne ein og ha fått automatisk fritak for sin arbeidsgjevarperiode på seksten dagar i høve til Nav.

I dag er regelverket sånn at den gravide eller arbeidsgjevaren kan søka om fritak for arbeidsgjevarperioden. Men då må ein ha forsøkt å endra på oppgåvene eller vurdert omplassering. Dette fungerer ikkje godt nok i dag, då ein ikkje alltid klarer av mangel på tid og kompetanse på den gravide sine utfordringar hos arbeidsgjevar.

Ofte kan det også vere vanskeleg å bli kjent med den gravide og hennar opplevingar rundt arbeidssituasjonen. Trass alt påverkar hormona og endra livssituasjon arbeidssituasjonen og i fleire enn eit høve. Difor trur eg det er betre for alle partar at nokon utanforståande er meir delaktig i situasjonen rundt den gravide på arbeidsplassen.

Den gravide vert med ei sånn løysing meir sett og betre ivaretatt tidleg i svangerskapet.

Tilrettelegging kan raskt komma i gang. Oppfølging vert gjort undervegs. Arbeidsgjevar vert meir bevisst sitt ansvar. Og får eit incitament i høve til automatisk fritak frå arbeidsgjevarperioden. Sjukefråværet går ned og samfunnet får ein inntening. Og den gravide opplever meir tryggleik , mestring og medverknad i eige arbeidsliv.

Har me eigentleg råd til å ikkje prøva?

Laila Marie Reiertsen
Os Frp

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.