midtsiden

Har tru på ny rekord

I fjor blei det sett ny rekord i Os Rundt. Laurdag 1. mai er det igjen tid for trimritt og turritt.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, april 28, 2010 - 22:50

Det var både bra deltakartal og gode tider for Os Rundt i fjor. Ei gruppe på åtte ryttarar kom i mål på bestetid 01.02.43, som også er rekord for Os Rundt. Deltakartalet på 185 var likt som året før og berre fire frå rekorden frå 2007.

- Eg veit ikkje om rekordtida frå i fjor er lett å slå, men vi har tru på at det kan bli ny deltakarrekord, seier Leif Erik Garvik frå arrangørklubben CK Henie.

Fleire familiar
Laurdag kan du velja mellom det 41 km lange Os Rundt og det 15 km lange trimrittet rundt Ulven. Det lengste rittet går frå Os rundt Skeie, gjennom Åsen, over Fanafjellet og Hamre til Osvegen og vidare til Os.

I fjor var det 173 som deltok på det lange turrittet og berre 12 som sykla trimrittet rundt Skeie og Ulven.

- Vi har sjølv auka medlemsmassen frå botntida med 32 medlemmar for to-tre år sidan til 60  medlemmar i dag. Mange av desse er i ungdomsgruppa som blei starta i vinter, og vi håpar og trur at dei tar familiane sine med seg rundt Ulven i år.

God førehandspåmelding
Dei rundt 20 medlemmane i ungdomsgruppa, som er frå 9 til 16 år gamle, trener både teknikk og kondisjon på landeveg og i terreng. Men det er ikkje berre desse som kan vera med å skapa deltakarrekord i år.

- I fjor starta vi med førehandspåmelding, og hadde på denne tida 30-40 påmeldte. I dag har vi rund 60 som er påmeldt på førehand.

Tilbake på gymnaset
Nytt i 2009 var også destinasjon for start. Deltakarane var samla til start mellom Os kyrkje og Tanngarden, noko som fungerte greit, men som ikkje blir aktuelt i år.

- Det blei litt styr med start i sentrum, og nedoverbakke i målgang. På Os Gymnas, der vi også tidlegare har hatt start, får vi oppoverbakke i målgangen. Det er tryggare, det blir ikkje den same farten i spurten.

Rittet startar klokka 10.00, først med dei som skal sykla 41 km, nokre minutt seinare for dei som berre skal rundt Skeie.

- Vi håpar bilistane viser omsyn desse timane, seier Leif Erik Garvik.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11