Lokal | 30. juli 2014

- Har vore ein utruleg flott sesong

Bunnpris har 26 butikkar over heile Hordaland. Og i veke 30 slo Bunnpris Vedholmen alle dei andre, og plasserte seg sjølv på toppen med høgast omsetnad.

- Har vore ein utruleg flott sesong
Kine Evensenonsdag 30. juli 2014 13:50

Bildeserie:

Den heimelagde pizzaen blir det lagd mykje av.(Foto: Kine Evensen)
Den heimelagde pizzaen blir det lagd mykje av.(Foto: Kine Evensen)
Ventar på å bli steikt. (Foto: Kine Evensen)
Ventar på å bli steikt. (Foto: Kine Evensen)
Anne Brimsholm tar seg av bestilling av nye varar. (Foto:Kine Evensen)
Anne Brimsholm tar seg av bestilling av nye varar. (Foto:Kine Evensen)
1 av 3
Den heimelagde pizzaen blir det lagd mykje av.(Foto: Kine Evensen)
Ventar på å bli steikt. (Foto: Kine Evensen)
Anne Brimsholm tar seg av bestilling av nye varar. (Foto:Kine Evensen)

Sesongen tjuvstarta allereie i mai då det flotte vêret kom snikande. Men ingen hadde trudd at sommarsesongen skulle bli så bra.

- Ein kan aldri veta korleis vêret blir, så vi tør ikkje bestilla meir varer på førehand enn normalt, fortel Anne Brimsholm som er innom butikken på fridagen sin for å bestilla inn nye varer.

Det har vore storsesong for grilling, og når det har vore overskudd av kundar jevnt og trutt har det fort gått tomt i hyllane.

- Heldigvis er ikkje kundane vanskelege, og dei tar det vi har, påpeikar Anne.

Populært med pizza og bollar

Sjølv om grillvarene forsvinn fort i frå hyllene, er det òg full action på kjøkkenet. Der blir det lagd pizza og bollar til den store gullmedaljen. På ei veke blir det steikt heile 1800 pizzastykker, og 1200 skillingsbollar.

- Sikringane hoppa veggimellom så mykje strøm som vi bruker til steikinga, ler innehavar Inglaug Brimsholm.

- Vi kan ikkje klaga

Den største utfordringa dei har møtt på i sommar er at leverandøren deira har gått tom for varer, noko som har gitt dei noko ekstra å grubla på.

Dei har og måtte tillkalt ein ekstrahjelp meir enn planlagt for at ting skal gå på skinner.

- Det har vært full kaos til tider, fortel Anne.

- Men vi kan ikkje klaga, påpeikar Inglaug som ser seg godt nøgd med sesongen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.