Melina, Carmen og Vidar tok kvar sin VM-medalje i nederlandske Curaçao. (Privat foto)

Hausta VM-medaljar i Karibia

Melina Solvang, Carmen Bruarøy og Vidar Mjånes på pallen i VM i karatestilarten WIKF Wado Ryu.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fleire utøvarar frå Os Karateklubb er del av den norske VM-troppen, leia av hovudinstruktør for WIKF Norge, Cato Bruarøy.

Dei er denne veka i nederlanske Curaçao i Karibia, utanfor Venezuela, for å delta i VM i WIKF Wado Ryu Karate.

Alle dei tre første frå Os som var i elden, Melina Solvang, Carmen Bruarøy og Vidar Mjånes har tatt medalje.

OPPDATERT: Sondre Kvamsdal og Amanda Njøten har begge tatt sølv i sine klassar!

Carmen tok sølv i kamp

Carmen Bruarøy vann sølvmedalje i kamp i klassen 12-13 år.

Ho slo vertsnasjonen sitt håp 3-2 og tok seg til finale ved å slå representanten frå Dominikanske Republikk 5-1.

I finalen venta ei jente frå Danmark. Der blei det 3-1-tap.

– Carmen har trent karate sidan ho var 4 år, og dette er det beste ho har vist. Det blir spennande å sjå ho i EM neste år, seier trenar og pappa Cato Bruarøy.

I kata blei det 6. plass på Carmen.

Melina vann bronsefinalen

Melina Solvang fekk 4. plass i kata. I kamp gjekk det endå betre.

Ho tapte første kamp i 12-13 år lettvekt mot nederlendaren som vann stemnet, men var suveren i rekvalifiseringa.

Etter å ha slått dei andre som vinnaren tok på veg til gull var det bronsefinale mot ei jente frå USA.

Her blei det 3-0-siger!

– Melina er eit kjempetalent som vann eit stort stemne i København i vår, fortel Bruarøy per sms frå den nederlanske øya i Karibia.

Vidar Mjånes i verdstoppen

Veteran Vidar Mjånes deltok i kata.

2 av 5 dommarar hadde han som vinnar, men Mjånes måtte nøya seg med sølv.

– Det er ingen tvil om at han teknisk er i verdsklasse i vår karateform. Instruktørar frå fleire land kom og fortalde at dei meinte Vidar var best. Dette var sterkt gjort, seier trenar og treningskamerat sidan tidleg på 80-talet, Cato Bruarøy.

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Vi ser bra ut

20. oktober 2017

Ruben Hetlevik ventar ein jamn kamp med høgt tempo mot Brann 2.

bilde-midtsiden

Kritiserte sakshandsaminga

20. oktober 2017

Terje Sperrevik (TvS) var kritisk til korleis administrasjonen har handtert Fjellheim-saka.

bilde-midtsiden

Gapahuken er ferdig møblert

20. oktober 2017

Søndag om ei veke er det offisiell opning av det store, arkitektteikna taket ved Knutabruo.

bilde-midtsiden

Krev omkamp på Hjelle

20. oktober 2017

Oposisjonen krev utgreiing av skuletomt mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

bilde-midtsiden

Å passera tøffe hinder

20. oktober 2017

Lanserte CRUX på Vindfanget: Det er ei meining bak det nye namnet til Kirkens Sosialtjeneste.