Sport | 18. okt. 2014

Heat-siger i debuten

Kristian Breivik Gjøen (14) gjorde det bra i klubbmeisterskapen på Eikås.

Heat-siger i debuten
Tre bilar frå Os i same telt på Eikås førre laurdag. Debutant Kristian til høgre. (Foto: Privat/KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. okt. 2014 07:16

Førre helg blei bilcross- og rallycross-sesongen avslutta med klubbmeisterskap på Eikås.

Nesten 60 deltakarar stilte til start, blant dei var Karoline Breivik og debutantane Jarle Nytræ og Karoline sin bror, Kristian.

– Det var veldig vått og banen var gjørmete, så det blei god trening. Debutantane klarte seg godt, synest Karoline.

8. plass av 18 i klassen

Debutant Kristian konfirmerte seg i år og fekk sitt første løp med bilen han fekk av besteforeldra til konfirmasjonen.

– Det blei første-, andre- og to tredjeplassar på Kristian i dei fire innleiande rundane.

Deltakartalet var så bra at det blei både A-, B- og C-finale. Kristian kom ikkje blant dei 5 i A-finalen, men kom på 3. plass i B-finalen, altså 8. plass av 18 deltakarar.

– Han var god på å halda sporet sitt og å ikkje lata seg stressa. Det er lett for å gjera feil når du har bilar tett på deg både framme og bak, fortel Karoline.

Åleine i finalen

I rallycross var det berre to deltakarar. Begge var frå Os, junior Karoline Breivik og senior og debutant Jarle Nytræ frå DWC Racing.

Sidan dei kjørte i kvar sin aldersklasse blei det siger på begge. Men dei to kjørte samtidig og fekk bryna seg på kvarandre.

– Nokre gongar fauk han frå meg, andre gongar kjørte vi tett. Jarle kjørte godt og fekk mykje fin trening.

Karoline var raskast i tre av fire innleiande rundar. Jarle hadde nokre småuhell og i finalen fekk han teknisk trøbbel og fekk ikkje fullført.

– Men eg trudde eg hadde han rett bak meg, så eg gav gass heile finalen gjennom. Bilen min va så skiten at eg såg ikkje at han måtte gje seg, ler Karoline.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.