Sport | 24. feb. 2014

Heggland fekk vist seg i Spania

Fredrik Heggland spelte frå start og nesten heile kampen då Brann møtte Aalesund på La Manga søndag kveld.

Heggland fekk vist seg i Spania
Fredrik i gårdagens kamp mot Aalesund. (Foto: SK Brann)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. feb. 2014 07:49

Osingane Simen Lassen og Fredrik Heggland blei saman med tre andre unge Brann-spelarar, Joachim Soltvedt, Oliver Rotihaug, og Fredrik Knudsen, flydd til Spania for å vera disponible til treningskampen mot Aalesund på La Manga søndag kveld.

– Vi fekk oss ei treningsøkt i går, da kom også uttaket, forteller Fredrik.

Han spelte frå start og fram til nokre få minutt før slutt. Aalesund leia 1-0 til pause, Brann utlikna då Jacob Orlov skåra sitt første for Brann i 84. minutt.

VIDEO: Sjå samandrag av kampen på Brann.no

– Eg synest vi starta litt rufsete, men så kom vi oss. Sjølv føler eg at eg har meir inne. Men vi hadde bra kontroll på de i 2. omgang og dei skapte lite på dei overgangane dei hadde, meiner Heggland.

Ingen speletid til Lassen

Både spelarar og presse hadde nok venta nokre byter i pausen, eller tidleg i 2. omgang. Men det gjekk tid før andre fekk prøva seg og den andre osingen på Brann, Simen Lassen, fekk ikkje speletid.

– Det var litt kjedeleg å ikkje få sjansen i dag, eg var veldig klar for å koma innpå, seier Lassen til Midtsiden.

– Vi i U-gruppa har fått lite trening med A-laget til no. Eg håper det blir meir framover og satsar på at eg får vist meg litt fram då.

I morgon går turen heim igjen til Bergen.

Kampfakta
Aalesund - Brann 1-1 (1-0)
Treningskamp, La Manga
Dommer: Trond Ivar Døvle.
Gult kort: Youness Bellakhdar, Aalesund.

Mål:
1-0: Tor Hogne Aarøy (16.), 1-1: Jakob Orlov (84.)

Brann (4-4-2): Øystein Øvretveit - Andreas Vindheim, Henrik Gjesdal, Fredrik Heggland, Erdin Demir - Tomasz Sokolowski, Fredrik Haugen, Hassan El Fakiri, Emil Hansson - Håkon Lorentzen, Jakob Orlov.

AaFK (4-4-2): Andreas Lie - Youness Bellakhdar, Jonatan Tollås Nation, Oddbjørn Lie, Jo Nymo Matland - Fredrik Carlsen, Vebjørn Hoff, Henrik Bjørdal, (Izatullah Ahmadzei fra 69.) Tremaine Stewart - Frode Grytten, Tor Hogne Aarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.