Sport | 12. juni 2014

– Heile lokalet er leigd ut

I mars stengde Os Posthandel, i august startar ny leigetakar drift i heile etasjen der Posten heldt til.

– Heile lokalet er leigd ut
Det er byggeaktivitet i det tidlegare postlokalet, ny leigetakar driv i helserelatert bransje. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. juni 2014 08:38

I mars blei post-tenesta i Os sentrum flytta frå eigen posthandel i Bjørnegården i Brugata til Post-i-butikk hos Rimi i Telthuskvartalet.

I august blir det drift i det tidlegare postlokalet igjen.

– Vi har ny leigetakar på plass. Dei har leigd heile etasjen, både der Posten var og det som sto ledig frå før, seier André Angelskår frå selskapet som eig Bjørnegården, Joa Gruppen.

– Helserelatert

Lokalet er på cirka 500 kvadratmeter. Kven ny leigetakar er vil Angelskår ikkje ut med.

– Bransjen er helserelatert, det er alt eg kan seia.

Før helga blei det kjent at Osbygda får sitt tredje treningssenter når Energi-kjeden i september opnar i Irisgården.

Om vi med etableringa i Brugata får det fjerde treningssenteret i Os er med andre ord førebels uvisst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.