Sport | 12. juli 2011

- Heilt fantastisk

Tilbake på Os etter vel 12 månader til havs. - Det har vore heilt fantastisk. Eg vil tilbake, oppsummerar Tore Nordahl Pedersen. Sjå deira eigne bilete.

- Heilt fantastisk
Andris Hamretirsdag 12. juli 2011 13:30

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 7
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Omlag klokka 18 måndag ettermiddag sigla «Dina fra Os» inn Bjørnefjorden etter omlag eit år til sjøs.

- No gler vi oss til å sjå nærare på Oseana og båthamna. Vi sto og så på det då vi kom rundt Ferstadneset, men blei heilt satt ut då vi oppdaga alle som venta på oss på gjestebrygga, smiler Dina Nordahl Pedersen.

På brygga sto eit tredvetals famile og vener og venta.

Etter ei triveleg feiring med familie og vener på Peppes måndag kveld tek ho og mannen Tore i mot Midtsiden.no til ein prat ombord i båten med same namn.

- Du får komma ned i kahytten. Det blir for kaldt å sitta ute, inviterar ho som ein kommentar til den kalde norske sommaren.

28 grader på 12 meters djup

Dina og Tore har vant seg til betre temperaturar enn det som møtte dei då dei la til kai i Os.

- Du veit, i Karibien var det 28 grader i vatnet heilt nede på 12 meters djup, smilar Tore.

Det krystallklare og varme vatnet gjorde at 60-åringen tok dykkerlappen medan dei var på tur.

- Vatnet var så klart at når vi slapp anker så fulgte vi det heilt til det lå på botn. Om det ikkje hadde festa seg, så sumde eg berre ned og dytta det godt ned i sanda, fortel Tore.

Delfinar helsa på

Turen gjekk frå Noreg via dei britiske øyane til Spania.

- Å krysse Biscayabukten gjekk som ein draum. Vi hadde fått mange åtvaringar om ei tøff havstrekning, men vi fekk nydeleg vêr.

- Det å ha siste nattevakta og oppleve at først kom delfinane for å helsa på før kvalen kom ei lita stund etter på var som å vera i ein draum, fortel Dina.

I tillegg til delfinar og kvalar fortel dei om lysande Morill i sjøen.

- Det var omtrent som å sjå kjempeljosballar i vatnet når dei samla seg rundt Delfinane.

Tryggleik i høgsete

Dei to skifta på å stå i cockpit, med fire timar på kvar vakt medan den andre fekk kvile eller få unna andre gjeremål.

- Det gav tid til filosofering om mykje og mangt.

- Også blei vi grådig oppmerksomme på kva som skjedde i havet og rundt oss, fortel Tore.

- Nettene var heilt fantastiske. Måneskinn og ein utruleg stjernehimmel med stjerneskot, skin Dina.

- Eg slapp opp for ønsker etterkvart, smiler Tore når Dina kjem inn på alle stjerneskota.

- Men, dykk var aldri redde då, da dykk sto der aleine i svarte natta?

- Ein kaptein har jo ikkje lov til å visa at han er redd, men eg må innrømme at eg var litt redd når det sto på som verst, forklarar Tore.

- Men vi har, og hadde, ein vanvittig respekt for havet. Difor hadde vi alltid redningsvest og sikringsline på oss når vi sto på dekk. Dett du over bord er du ferdig, forklarar Tore.

Leia regatta

Over Atlanteren på veg sørover deltok «Dina fra Os» på ARC-regattaen med omlag 270 andre båtar.

- Vi hadde med oss Linda Upton på den strekninga så då var vi tre ombord. Etter første dagen fekk vi melding frå raceleiinga at vi låg først av alle båtane.

- I utgangspunktet hadde vi tenkt å berre komme oss i mål heile, men med den starten trigga konkurranseinstinktet og vi sigla meir aktivt i konkurranse med profesjonelle seglarar, fortel Tore.

Etter 3 veker med regatta kom dei i mål på 3. plass i si klasse og 14. plass totalt.

- Det er ikkje verst av ein bestefar og to bestemødre vel.

- Opplevelsen av å komma i mål var heilt utruleg. Du hadde mest lyst til å kaste deg i vatnet, men vi hadde blitt åtvara på førehand om at det var lurt å fortøye båten først, så vi klarte å halde hovudet kaldt, smilar Dina.

Segla på eigenhand

Ein anna ting dei hadde høyrd på førehand var at det skulle vera mykje kriminalitet og at lokalbefolkninga ikkje skulle vera helt gode.

- Vi hadde faktisk fått anbefalingar om å halde oss saman med andre langseglarar, forklarar Tore.

Til tross for åtvaringane hadde dei to bestemt seg for at dei ville segle på eigenhand for å oppleve meir av landa og finne dei paradisiske vikene aleine.

- Det var 7 andre båter frå Bergensområdet i Karibien samstundes med oss. Vi møttes innomellom i hamner og hadde mykje morro saman.

Møtte seljarar med eit smil

Det første møtet dei hadde med lokale seljarar som kom padlande ut på knapt flytande sufebrett og i prammar blei ei sterk oppleving.

- Plutselig stakk det opp mørke hovuder langs heile ripa som skulle selje smykker og frukt. Då vi var litt avvisande til å byrje med blei spesielt ein kar skikkeleg sint på oss.

- Etterkvart fann vi ut at det greieste var å kjøpe litt frukt og slikt frå dei første som kom bort til oss. Når vi gjorde det fekk vi vera i fred for dei andre seljarane og samstundes vaktar som passa på at vi hadde det bra.

- Vi slapp til og med å låse båten når vi skulle i land. Vennane våre som vi handla med passa på at ingen prøvde seg, fortel Tore.

Til å stole på

Når Midtsiden.no snakkar med dei to slår det oss at den respekten dei to har for lokalbefolkninga dei møtte er enorm.

- Menneskja vi møtte er det som nok har gjort størst inntrykk. Dei var lutfattige og prøvde å livnære seg på å selje eigenproduserte varer til oss og andre turistar.

- Sjølv om dei budde i bølgeblikkskur og levde spinkelt hadde dei ei fantastisk livsglede og godheit, fortel Tore om folka dei møtte.

- Ein dag tok eg dyngane (gummibåten, journ.anm.) til land for å kaste noko boss. På stranda møtte ein kar meg med smykker som han ville selje. Eg likte det eine ganske godt, men hadde ikkje pengar på meg.

- Han lurte då på om eg ikkje berre hadde nokre småmyntar ein gong, for han hadde ikkje spist den dagen. Eg fekk så vondt av han at eg køyrde utatt til båten og henta penger.

- Problemet var at eg berre fann ein 100 dollarsetel (EC-dollar, omlag 200 NOK, journ.anm). Eg tok med den og spurte om han kunne veksla, men det kunne han naturlegvis ikkje.

- Då avtalte vi at vi skulle møtast att nokre timar seinare så eg kunne få vekslepengane då.

- Når vi kom attende på stranda seinare på dagen sto karen der og tok i mot oss, med vekslepengane i eine handa og trossa til båten vår i den andre, fortel Tore om korleis dei opplevde lokalbefolkninga.

Samla inn 15-16.000 kroner

Juleaften samla dei nordiske båtane seg til det som etterkvart har blitt ein tradisjon i Backway. Omlag 100 båtar feira julehøgtida saman.

- Det var ei svensk dame som døydde for eit par år sidan som starta den tradisjonen.

- I staden for gåver til kvarandre kjøper vi gåver til ein barneheim i nærleiken og går dit 1. juledag, forklarar Tore.

- I tillegg var det sal av gløgg. Alle båtane gav gløgg til salet og køypte glass tilbake til ein mykje høgare pris, ler Tore.

- Og så var det auksjon, supplarar Dina.

- Båtane fann noko dei kunne selje før det var budrunde. Mellomanna var det ein som hadde ei Aquavit-flaske med ein bitteliten slump i. Den gjekk for omlag 400 kroner, smilar Dina om den dyre drinken.

Totalt samla dei nordiske båtane inn omlag 15-16.000 norske kroner som blei gjeven som gåve til det same barnehjemmet.

Gamle Vestlandsferjer

Ei lita overrasking fekk dei to osingane då dei såg kva ferjer som trafikkerte øyene i Karibien.

- Der gjekk Fedje, Hellesøy og ei rekke andre av utrangerte ferjer frå Vestlandskysten.

- Sjølv alle dei norske forbudsskilta, med røyking forbudt og så vidare var inntakt, men det var det jo sjølvsagt ingen som brydde seg om, ler Tore.

Sjøsjuk berre ein gong

Etter omlag eit halvår i Karibien var det igjen på tide å kryssa Atlanteren.

- Det var ein liten nedtur, men vi segla saman med 4 andre norske båtar av tryggleiksgrunnar så det gjekk greit, fortel kapteinen.

Turen over Atlanteren var einaste gongen dei hadde litt sjukdom ombord.

- Tore blei litt sjøsjuk den første dagen, men det opplevde dei visst på dei andre båtane òg, fortel Dina.

- Vi hadde vore i relativt roleg farvann inne i Karibien, så då vi møtte ruskevêr i Atlanteren kjende eg det litt, smilar Tore.

Turen gjekk frå Karibien til Azorene før dei segla via Wales, Irland, Skottland og Shetland tilbake til Noreg.

Sonen som meterolog

For å få meldingar om vêr og vind har dei to nytta sonen Ronny heime på Os og satelitt-telefon.

- Vi har ringt Ronny kvar dag og oppgitt posisjonen vår, så har han gått inn på datamaskina og gitt oss vêr-rapportar tilbake.

- Han har guida oss utenom og i ytterkant av dei verste stormane, minst like bra som den løysinga andre båtar hadde valgt med å få tilsendt vêrvarsla elektronisk, fortel Dina stolt.

Kosta mykje – verdt kvar ei krone

Turen hadde dei planlagt i fire år før dei la ut på tur. Rammebutikken og glassmeisterverksemda dei hadde på Os solgte dei for å finansiere båten og turen.

- Det har gått meir pengar enn vi hadde tenkt, men det har vore verdt kvar ei krone.

- Det var ein draum eg hadde, og no har vi realisert den. Det hadde vore mykje verre om vi ikkje hadde gjort det, fortel Tore som enno må vente nokre månader før dei kan flytta heim. Huset har dei nemleg leigd ut fram til oktober.

- No skal vi byttelåne med sonen vår i eit par veker, så tar vi nokre veker til i båten før huset blir ledig og vi flyttar på land att, avsluttar Dina Nordahl Pedersen.

Fleire bileter og reisebrev finn du på bloggen deira her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.