Lokal | 27. nov. 2016

Heilt på jordet

Mann køyrde seg fast på eit jorde. To eldre damer krangla så politiet måtte komma. Kvinne nekta å forlate taxi.

Heilt på jordet
Mercedesen står fast på eit jorde i Askvika (lesarbilete)
Andris Hamresøndag 27. nov. 2016 09:02

Med unntak av redningsaksjonen i Vallaelva søndag morgon, har det vore ei relativt roleg helg for politiet.

– Fredag ettermiddag måtte vi ut til to eldre damer som var i ein nabokrangel. Gjennom konflikthåndering klarte patruljen å få roa sitauasjonen og å få dei to til ein form for einigheit, så får vi sjå om det held seg, seier vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Han ønskjer ikkje opplyse kva konflikten gjekk ut på då det kan identifisere dei to kvinnene.

Slo taxisjåføren

Natt til laurdag fekk politiet melding om at ei kvinne ikkje ønskja å forlate ein taxi.

– Ho hadde nekta å gå ut av taxien. Då patrulja kom gjekk om med å forlate bilen, men ho skal ha daska sjåføren i bakhovudet på vei ut av bilen. Ho var i 30-åra.

Skulle teste bilen

Ein bil står fast på eit jorde i Askvika.

– Det var ein bilførar som skulle teste firehjulstrekken på bilen sin og tok den på ein køyretur. Du kan vel seie det var ei dårleg vurdering og han blei ståande fast. Bilen skal bli taua laus i dag, fortel vakthavande betjent.

Politiet tok også ein mann for urinering på offentleg stad i Os sentrum natt til laurdag. Dei har ellers gjennom helga hatt fleire kontroller av køyretøy.

– Det meste har vore veldig bra. Vi har kun måtte ta skilta på ein bil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.