Kultur | 10. sep. 2020

Heime hos gartnaren

Os hagelag inviterer til vandring hos eigar av hagefirma.

Heime hos gartnaren
Frukttre, bærbuskar, planter, mur og stein er sett i system heime hos Os Hageservice-paret.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. sep. 2020 08:09

Os hagelag er godt i gang med haustprogrammet. I starten på august var det vandring og motevising i Eva og Terje Lunde sin hage på Haugland, i kveld er medlemmar og andre inviterte til å sjå nærmare på ein hage i Eidsvegen, mellom Hatvik og Hegglandsdalen.

– I hagen til Henriette og Tore Færevaag er det mange spennande frukter og bær, pizzaomn, lysthus, sitjegrupper og store steinlagte område, fortel hagelaget.

Ekteparet driv Os Hageservice, og øvst i «Brekko» er det ikkje som «skomakerens sønn». Gartnar Færevaag gjer tydelegvis ein innsats òg på heimebane.

– Men det har tatt tid. Vi har halde på i 15 år, og det tar sikkert 15 år til før vi kan kalla oss ferdige, seier Tore og ler.

Tomta er på rundt fem mål. Delar er sett av til ein stor garasje og kontor til firmaet, men rundt bustaden er det fint opparbeidd som ein privat hage.

– No ser vi fram til å få besøk av hagelaget og gjestane dei får med seg, seier Færevaag, som tidleg på kvelden torsdag byr på smaksprøvar frå eigen hage og pizza steikt i omnen ute.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.