Kultur | 26. feb. 2015

Heitt i Oseana

Fifty shades of Grey står på plakaten i Oseana sundag. For dei yngre er det SvampeBob Firkant-filmen - Svamp på land som skal visast.

Heitt i Oseana
SvampeBob og venene i SvampeBob Firkant-filmen - Svamp på land. Anastasia og Christian i Fifty shades of Grey. (Distributør: United International Pictures)
Kari M. Lyssandtorsdag 26. feb. 2015 07:27

Grunna vinterferien blei det to kinovisningar i Oseana denne veka. Først ut var Sauen Shaun på måndag, og fyrstkomande sundag er det igjen kinotid i Os. Første film ut er filmen om Svampebob og venene hans og deira kamp for å vinne tilbake ei hemmeleg burgeroppskrift. For å få til det må gjengen ut av havet og opp på land.

Det er mange som har gått og venta på filmatiseringa av Fifty shades-triologien og på Valentines Day var det endeleg premiere. No kjem filmen om Anastasia Steele og Christian Grey til Os så det kan bli heitt i Oseana denne kvelden.

SvampeBob Firkant filmen - Svamp på land

SvampeBob Firkant er tilbake og i denne sprø animasjonsfilmen tek han og kompisane ein tur over i vår verd.

Den mest populære havbuaren i heile verda, SvampeBob Firkant, tek turen frå havbotnen og over i vår verd, i sitt mest superheroiske eventyr hittil. Piraten burgerskjegg er på jakt etter den siste sida i ei magisk bok, som kan gjere alle dei onde planane hans til verkelegheit. Men den manglande sida visar seg å vere den hemmelege oppskrifta til Krabby Patty. Når Burgersjekk stel den, bryt det ut fullt kaos på Bikinibunnen. SvampeBob, Patrick og resten av gjengen må gje seg opp til overflata for å finne igjen oppskrifta og redde byen sin. Og den einaste måten dei kan bekjempe Burgerskjegg sine skurkete planar, er ved å forvandle seg til superheltar ved hjelp av den magiske boka.

Filmen varer i 1t 34 min og er tilleten for alle.

Filmen startar klokka 16.00.

Fifty Shades of Grey

"Fifty Shades of Grey" er den etterlengta filmatiseringa av den bestselgande romanserien skriven av E. L. James, som har teke verda med storm. Sidan lanseringa har "Fifty Shades"-trilogien blitt oversett til 51 språk og solgt over 100 millioner eksemplar. Det gjer den til ein av dei raskast selgande bokseriane nokonsinne.

I "Fifty Shades of Grey" møter vi den unge litteraturstudenten Anastasia, som innleiar eit forhold til den vakre, mystiske milliardæren Christian Grey. Dei to romanfigurane Christian Grey og Anastasia Steele har blitt ikon for millionar av lesarar. I filmen spelast dei av Jamie Dornan og Dakota Johnson.

I øvrige rollar finn vi Luke Grimes som Elliot, Victor Rasuk som José, Eloise Mumford som Kate, Marcia Gay Harden som Dr. Grace Trevelyan Grey, Rita Ora som Mia, Max Martini som Taylor, Callum Keith Rennie som Ray, Jennifer Ehle som Carla og Dylan Neal som Bob.

"Fifty Shades of Grey" er regissert av Sam Taylor-Johnson, og produsert av Michael De Luca og Dana Brunetti i nært samarbeid med E L James, forfattaren av serien.

Filmen varer i 2t 5min og har 15 års aldersgrense.

Filmen startar klokka 19.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.