Sport | 08. feb. 2017

Heldt buret reint i 29.30 min!

Det blei historiske 18-14 då Os slo Sotra onsdag. Keeper Tiril Grønvigh heldt målet reint i heile 29.30 minutt av andre omgangen.

Heldt buret reint i 29.30 min!
Tiril Grønvigh slapp inn berre to mål i løpet av éin omgang. Dei kom i løpet av dei siste 30 sekunda av kampen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 08. feb. 2017 20:10

Onsdag kveld spelte handballdamene til Os sin nest siste heimekamp for sesongen. Dei avsluttar nemleg sesongen med heile fem (!) bortekampar.

Kampen mot Sotra blei alt anna enn spennande. Størst spenning knytte det etterkvart seg til om keeper Tiril Grønvigh, som leverte ein god kamp i Osmålet, skulle klara å halde buret reint i heile andre omgangen. Diverre heldt det ikkje heilt inn og Sotra skårte to i løpet av det siste halve minuttet.

– Eg har aldri vore med på å ikkje sleppa inn mål på 29.30 minutt, men det var jo litt gøy då, smilte Grønvigh etter kampen.

– No skal forsvaret ha si del av æra. Dei tok seg bra opp utover i omgangen.

I løpet av omgangen skåra Sotra berre fire ganger. To av dei på straffe på Os sin andre keeper Vibeke Ingebrigtsen.

Fire av fire på straffe

Det er trenar Trond Førde Eriksen, som tidlegare har vore trenar nettopp for Sotra, einig i.

– Eg synes vi står bra bakover i andre omgangen. Første omgangen er òg ok. Framover så skårar vi meir enn Sotra og vinn. Der tykkjer eg Thiet Dang gjer ein god jobb. I tillegg imponerer Bente Mjanger som set fire av fire straffer, oppsummerar Førde Eriksen.

Os - Sotra 18 - 14 (8-10)
Utv: Os 1x2 min, Sotra 4x2 min
Os sitt lag: Gry Merete Nummedal, Tonje Hjertnes Rykkel, Emilie Halhjem 2, Hilde Kristine Røttingen 4, Line Hjelle Berentsen 5, Vibeke Ingebrigtsen, Regine Sten, Bente Mjanger 4, Liv Pauline Lunde, Thiet Dang 2, Tiril Grønvigh, Mia Torp Nielsen 1

Siste heimekamp speler Os laurdag om vel ei veke når dei tek imot suveren serieleiar Førde klokka 16.00.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.