Lokal | 19. jan. 2016

Helseministeren – Vil veldig gjerne ha med Os

Helseminister Bent Høie (H) møtte lokalpolitikarane for å overtyde dei om å takke ja til deltaking i forsøksordninga med statleg finansiering av omsorgstenestene.

Helseministeren – Vil veldig gjerne ha med Os
Varaordførar Marie Bruarøy saman med helseminister og partikollega Bent Høie (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 19. jan. 2016 20:28

Kommunalsjef for pleie, omsorg og beredskap Nils-Petter Borge var tidlege tydeleg på at han ikkje var positiv innstilt til forsøksordninga med statleg finansiering av omsorgstenestene. Likevel gjekk politikarane inn for å søka om deltaking då saka blei handsama i formannskapet i 1. desember. Samstundes blei det kjend at helseminister Bent Høie (H) skulle komma for å overbevisa tvilarane.

Fredag blei det kjend at Os kommune blei ei A-kommune i forsøksordninga. Det verst tenkelege alternativet i kommunalsjefen sine auge. Noko ordførar Terje Søviknes (Frp) ikkje er like samd i.

– Etter å ha lese fleire av rapportane som har kome i etterkant trur eg dette kan vera ein god ordning. Ikkje minst med tanke på at vi skal innfase nye sengeplassar på Luranetunet, sa Søviknes til Midtsiden fredag.

– Eit veldig godt møte

Tysdag kom helseministeren i eit forsøk på å forklara ordninga og å overbevisa eventuelle tvilarar om fordelen med å gå inn i ordninga. Os har svarfrist 1. februar. Midtsiden spurte ministeren då han vitja beredskapssenteret på Moberg om han hadde lykkast i å overbevisa dei.

– Det må du nesten spørrje dei om, men vi hadde eit veldig godt møte.

– Eg orienterte om ordninga og bakgrunnen for den. Eg var òg tydeleg på at vi ønskjer Os med. Det vil berika forsøket, men det er dei lokale politikarane som bestemmer om Os kommune skal akseptera tilbodet om å vera med, svara Høie.

Nedtrappinga ein tryggleik

Partikollega, og varaordførar Marie Bruarøy (H), fortel at ho blei motivert av svara frå helseministeren.

– Vi har jo vore delvis interessert, ellers hadde vi ikkje stemt med Frp om å søka på ordninga. Høie gjorde ein god jobb med å prøva å overbevisa oss i dag og gav oss fleire positive vinklingar på kvifor vera med. Spesielt i høve dei økonomiske oppsidene det kan vera i prosjektet.

– Samstundes blei eg beroliga av at det er ei nedtrapping over tre år, med 80, 60 og 40 prosent. Det gir oss ein 3-årsperiode på å skru ting tilbake om det trengs. Om forsøket viser at det er ein modell som politikarane i Oslo er nøgd med, så kan det jo bli permanet. Det skal vera eit val om 2 år og som Høie sa; Om Frp vinn det, så blir truleg modellen innført.

– Eg føler at han klarte å motivera oss i dag. Den økonomiske oppsida kan gjera at staten dekkje oppstarten av dei nye sengene på Luranetunet gjennom ordninga, men vi har vore i tvil, spesielt med tanke på tida etter dei tre åra forsøket skal vara.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.