midtsiden

Helt i straffedrama

3. NM-runde avgjort med straffekonk: Børge Borgen og Frode Øvredal sørgja for gåsehud over heile Kuventræ.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Mandag, juni 13, 2011 - 11:48

Os - Haugesund: 9-8 (2-2 til full tid, 0-0 til pause)

Laurdag spelte Os junior elite 3. runde i NM, heime mot Haugesund.

– Haugesund stilte knallsterkt, dette tilsvarar rekruttlaget som nyleg tapte 2-4 for Fyllingen i senior 3. divisjon, seier juniortrenar for Os, Einar Nytræ.

Os, som kom til 4. runde i NM i fjor, slo Tertnes 5-1 og Smørås 3-0 på veg til årets 3. runde.

Flytta Borgen opp

Laurdag blei det ein jamn og mållaus 1. omgang, etter kvilen sørgja Erik Kanestrøm for at heimelaget gjekk tok leiinga.

– Men så kom gjestane og vi hamna under 1-2. På tampen flytta vi midtstoppar Børge Borgen opp på topp, og då han tok imot ein ball på kassen, tverrvendte og sendte den i nota, blei det heilt magisk stemning på Kuventræ.

Haugesund pressa dei siste minutta, men kampen gjekk til straffekonk.

Lydig og kald

– Gutane spelte så bra at eg trur ikkje dei skjøner det sjølv. At vi trenarane også får A-lagsspelarane, som vi ikkje har med oss så ofte, til å tru på strategien og systemet, er veldig positivt. Heile laget heldt seg til avtalane og vi var ekstremt stram i formasjonen.

Nytræ er nøgd med spelet og det at Os vann sjansestatistikken.

– Så kom straffane, og ein skulle tru at gutane ikkje har gjort noko anna, det blei ein serie mef knallgode straffar av begge lag.

Begge lag skåra på alle dei 6 første straffane.

Kampen blei avgjort då back Fredrik Nilsen skaut knallhardt nede i eine sida og keeper Frode Øvredal følgte opp med å redda Haugesund sin straffe nummer 7.

– Dette var klasse, det blei ein skikkeleg gåsehud-kamp!

Os: Frode Øvredal, Stian Bakke, Børge Borgen, Håvard Grøteide, Fredrik Nilsen, Simen Lassen, Håkon Kvittingen, Ruben Aasen (Ibrahim), Tor-Erik Berge, Erik Kanestrøm og Johannes Jordal.

Det er førebels ikkje bestemt kor tid og mot kven 4. runde går.

Frå Hordaland er også Fana og Brann vidare:
Løv-Ham - Fana: 1-4
Stavanger - Brann: 1-4
OPPSETT/ALLE RESULTAT

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11