Lokal | 21. jan. 2018

Henta blodig mann - sjekka mann som søv midt i vegen

Politiet har to notat frå natt til søndag.

Henta blodig mann - sjekka mann som søv midt i vegen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. jan. 2018 07:56

Klokka 01.36 natt til laurdag fekk politiet melding om mann som søv midt i vegen.

Dette var i nærleiken av Os Gymnas.

– Patrulje og ambulanse rykte ut, fortel Hans-Eirik Thue, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

– Mannen skal ikkje ha vore sjuk eller liknande. Familie av mannen som søv kom til staden og fekk han med seg heim.

Til legevakt med sprekt leppe

Klokka 02.20 fekk politiet melding om blodig mann ved ein av utestadane i Os sentrum.

– Det er uvisst kva som har skjedd, om vedkomande har ramla eller vore utsett for noko, men patruljen mistenkte ikkje at det hadde vore snakk om vald etter at dei var på staden.

Den skadde blei frakta til legevakt i ambulanse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.