Kultur | 16. juni 2016

Her blir vinnaren kåra

Vinnaren av heimebryggarkonkurransa under Oseana Ølfestival er kåra. Kven som har brygga Os sitt beste sommarølet blir offentleg under festivalen laurdag.

Her blir vinnaren kåra
Juryen i djup konsentrasjon medan dei vurderar dei ni finalistane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 16. juni 2016 08:49

Bildeserie:

Lysefjorden Mikrobryggeri-gründer Rune Birkeland sat i juryen (foto: AH)
Lysefjorden Mikrobryggeri-gründer Rune Birkeland sat i juryen (foto: AH)
saman med Tarjei Skeie (foto: AH)
saman med Tarjei Skeie (foto: AH)
1 av 2
Lysefjorden Mikrobryggeri-gründer Rune Birkeland sat i juryen (foto: AH)
saman med Tarjei Skeie (foto: AH)

Dei har hatt ein tøff og krevande, men smaksrik jobb, dommarane som har vurdert dei 36 ulike øla som blei levert inn til Oseana Ølfestival sin bryggjekonkurranse.

– I år hadde vi tre typer øl ein kunne levera, lys lager, kveiteøl og pale ale. I dag skal vi vurdera dei tre som har kome best ut i innleiande runde for å kåra det ølet som vi meiner er best, uavhengig av kategori, forklarar juryformann Tarjei Skeie som har fått med seg ølgründer Rune Birkeland frå Lysefjorden Mikrobryggeri.

God score

I dei innleiande rundane har øla blitt vurdert etter Norbrygg sitt vuderingsskjema kor ein har gitt score på aroma, utsjåande, smak, fysisk følelse i munnen og generell drikkbarheit. Skeie har hatt med seg fleire ulike jurymedlemmar frå øl-miljøet i og rundt Bergen.

– Ein kan få 50 poeng frå kvar dommar. Det trur eg aldri eg har opplevd, men scorar ein over 40 har ein laga eit godt øl. Alle dei ni vi skal vurdera i dag har skåra over 71 poeng tilsaman etter vurdering frå to dommarar (inntil 50 poeng frå kvar dommar, journ.mrk), men i dag er alle korta kasta og vi skal finna fram til kva vi meiner er det beste sommarølet, seier Skeie.

Stor variasjon

Det har ikkje berre vore glede å skulle smaka seg gjennom dei 36 øla.

– Nei, vi kan vel seie at det har vore varierande kvalitet. Det er ikkje alle som har lukkast heilt med å laga godt øl. Vi har score frå 81 som det beste, ned til 20 poeng, så det er store sprang, seier Skeie før han heller opp dei første glassa til Birkeland for smaking.

Kunne vore frå eit bryggeri

Først ut er dei tre i kategorien lys lager, ei øltype som på mange måter best kan samanliknast med den tradisjonelle pilsen.

Dei to ølhundane fell raskt inn i faglege diskusjonar omkring oksydering, ester og karbonering.

– Denne hadde ein rein profil med lav bitterheit. Denne er fin i solveggen og er lett drikkeleg. Den kunne eigentleg kome frå eit bryggeri. Det er ikkje mange heimebryggarar som klarer dette, kommenterer Rune Birkeland i det han smaker på det andre glasset.

– Er det noko du kunne brygga sjølv på Lysefjorden Mikrobryggeri, undrar Midtsiden sin utskremte.

– Nei, om du ser på logoen vår, så vil nok vi ha meir humle, men det er gjort eit godt handverk med denne. Dei har hatt god kontroll på temperaturen under gjæringa, konstanterer Birkeland.

– Hadde ikkje takka nei

Etter å ha gjort ei første sortering står dei to att med fire, som skal bli til tre og få pall-plassane.

– Det er ingen av dei som er dårlege. Hadde du fått servert ein halvliter eller to av desse ein kveld, så hadde du ikkje satt deg ned og grine, oppsummerer Skeie.

Kven vinnaren blei, ja det får du først vita laurdag ettermiddag, men har du lyst til å lære meir om kva feller ein kan gå i som heimebryggar er Tarje Skeie ein av foredragsholdarane under festivalen. Foredrag blir det òg med Rolv Bergesen som vil snakka om paring av øl og mat.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.