Næringsliv | 25. sep. 2014

– Her er det enkelt å opna opp igjen

Lokalet er frigitt etter Gastronomen-konkurs. – Fettutskiljaren og fiskedisken står der enno, den som vil leiga kjem til eit fint lokale, seier Ingvar Lepsøe.

– Her er det enkelt å opna opp igjen
Gastronomen blei stengt i starten av august. No er lokalet klart for nye leigetakarar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. sep. 2014 06:41

Familien Lepsøe har selt fisk i Brugata i Os sentrum sidan 1946. På 70-talet tok sonen Ingvar over, i 1981-1982 bygde han nytt, huset som står der i dag.

Gleda var stor då Turid Leikvoll Hjelle ville overta i 2005, og tidlegare i år selte Hjelle Fisketorget Os til nye eigarar, som utvida til kafeen Gastronomen.

I mars var det opning, i august blei dørene stengt og selskapet gjekk konkurs.

– Dei lagde det fint til, det var synd at dei ikkje fekk det til, synest huseigar Ingvar Lepsøe.

– Lokalet er frigitt

Det er advokat Rune Stavenes som er bustyrar for konkursen.

– Buet er ikkje avslutta, men lokalet blei frigitt i førre veke, stadfestar han.

– Banken var panthavar i utstyret, så det er dei dei som har tatt seg av. Mi hovudoppgåve no er å sjå til at dei som eventuelt ikkje har fått løn får dette gjennom lønsgarantifondet.

Fisk og feitt

Lepsøe fortel at han har kjøpt ut noko utstyr frå buet, blant anna fiskedisken.

– Møblar er vekke, men mykje står igjen. Fiskedisken kjøpte eg ut av buet. Eg tenkte det kunne vera greit, i tilfelle neste leigetakar vil driva med fisk. Det hadde jo vore kjekt om salet av sjømat heldt fram i Brugata.

Feittutskiljaren, som det var ein del snakk om etter krav frå kommunen, hadde huseigar Lepsøe allereie kjøpt. Den er installert og den står der naturlegvis enno.

– No vil vi rydda litt og gjera klart for ein eventuell ny leigetakar. Det har vore litt folk i oss allereie, dei dagane vi har vore i lokalet. Den som vil overta kjem til eit ganske klart og veldig fint lokale, det har blitt pussa bra opp her før førre drivar opna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.