Kultur | 27. aug. 2013

Her er Eirik sin danselærar

Nadya Khamitskaya (30) skal swinga Eirik Strønen Søfteland fram til nok ein finale på TV 2.

Her er Eirik sin danselærar
Nadya har tidlegare dansa med blant andre Tore André Flo og Vebjørn Sand – og vore med på <em>Skal vi stupe</em>. (Foto: Rolfie.no/TV 2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. aug. 2013 19:15

– Ho er streng og ærleg. Det beste ho har sagt til no om noko eg har gjort er vel at det er "greit".

– Eller, forresten, eg trur ho sa "bra" ein gong, ler Eirik.

I går kom Idol-finalisten frå Os og Nadya i gang med øvinga til TV 2-programmet Skal vi danse, som startar laurdag 14. september.

Nadya har tidlegare dansa med Tore André Flo, Svein Østvik, Åsleik Engmark, Noman Mubashir og Vebjørn Sand.

Ho har også vore med på programmet Skal vi stupe.

Khamitskaya er dansar av yrke og designer for kjolemerket «Venti Uno».

– Eg skal gjera alt for at min kjendis står igjen med sigerspokalen, ambisjonen er absolutt å vinna, sa Nadya til TV2.no i førre veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.