Sport | 07. apr. 2017

Her er Os og Lysekloster sine NM-motstandarar

Os får heimekamp, Lysekloster speler borte i første NM-runde. Men kven mot?

Her er Os og Lysekloster sine NM-motstandarar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. apr. 2017 13:00

Lysekloster er, grunna spel i 2. divisjon i 2016, førehandskvalifiert til årets fotball-NM.

Os har slått Odda 4-0 heime og Arna-Bjørnar 1-2 borte for å kvalifisera seg. Sjå alle resultat frå kvalifiseringsrundane på fotball.no.

Klokka 15.00 i dag kom trekninga til 1. NM-runde:
Os - Nest-Sotra
Stord - Lysekloster

Nest-Sotra kom på 2. plass i 2. divisjon i fjor, Stord kom på 12. plass i 2. divisjon, 6 poeng bak Lysekloster.

Kampane i 1. runde skal spelast onsdag 26. april, ni dagar etter at dei to 3. divisjonslaga har hatt seriestart.

Her er nokre av dei andre NM-kampane i første runde:
Bryne – Brodd
Austevoll – Brann
Trott – Åsane
Bjarg – Fana
Fyllingsdalen – Sotra
Sjå liste over alle kampane i 1. runde på fotball.no.

Til 2. runde i fjor og i 2008

Lysekloster har deltatt i NM to gongar før. I 2015 fekk dei Sogndal i første runde, det enda med 1-5 (sjå video) i ein kamp som gjekk på Kuventræ.

I 2016 var dei tilbake på Kuventræ, og slo Os 4-2 i ekstraomgangar (sjå video) før dei i 2. runde var nær på å slå Åsane ut av cupen. Lysekloster leia 3-0 i 70. minutt, men tapte til slutt 3-6 etter ekstraomgangar.

Os tok seg til 2. runde i cupen både i 2007 (der dei tapte 3-0 borte for Hønefoss) og i 2008 (tapte 0-4 heime for Haugesund).

I 2015 blei dei slått ut av Brann på Kuventræ, i 2014 tapte dei 1-2 for Vard Haugesund i første runde.

Slik er kampprogrammet i NM 2017:
1. kvalifiseringsrunde: 29.mars - ferdigspelt
2. kvalifiseringsrunde: 4.april - ferdigspelt
1. runde: 26. april
2. runde: 24. mai
3. runde: 31. mai
4. runde: 9. august
5. runde: 27. august
Semifinale: 20/21 september
Finale: 3. desember

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.