Sport | 30. aug. 2017

Her hamna kveita til Haugan

Kortreist kveite på 72 kg blir «dagens kvite fisk» i meir enn éin dag.

Her hamna kveita til Haugan
Kokkane Marius Nybø Johansen og Frank Vasby Bruarøy med kveita på disken.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. aug. 2017 11:51

Bildeserie:

Frode og Jonathan fiska kveita utanfor Skorpo. (Foto: KVB)
Frode og Jonathan fiska kveita utanfor Skorpo. (Foto: KVB)
Noko av fisken er no klar for servering, men nokre kilo er frose ned.
Noko av fisken er no klar for servering, men nokre kilo er frose ned.
1 av 2
Frode og Jonathan fiska kveita utanfor Skorpo. (Foto: KVB)
Noko av fisken er no klar for servering, men nokre kilo er frose ned.

Søndag morgon gjekk hobbyfiskar Frode Haugan sin over 30 år gamle draum i oppfylling; i garnet han drog med sonen Jonathan sto ei 169 cm lang kveite som viste seg å vera 72 kilo.

Kokken Frank Bruarøy hos Havnechefen kjøpte heile fisken.

– Eg liker sjølv både å fiska og dykka, og gler meg på vegne av Frode og Jonathan over fangsten. Då eg såg at dei ville selja så slo eg til, både fordi det er lokal fangst og fordi kveite er ein av dei fiskane eg har laga flest variantar av.

– Ikkje eit ondt ord om røykt kveite, men kjøtet har potensiale til langt meir enn kva folk tradisjonelt lager til. Mange seier at kveitekjøtet er best om fisken ikkje er tyngre enn 30-40 kilo, men no har eg testa både steikt og sjølv-røykt, og dette skal vi klara å laga mykje godt av.

Fiskaren skal få smaka

Etter at Midtsiden besøkte fiskarane blei kveita tatt med på vekta på båten Molly. Det viste seg at den vog 72 kilo.

– Det blir mange middagsporsjonar. Har du sjanse til å få selt alt?

– Det blir dagens fisk nokre dagar fram mot helga, men delar av fisken blir frosen ned. Eg har blant anna lovd fiskarane ein middag når Frode om eit par veker er tilbake frå jobb, og det skal bli sjanse også for andre å smaka kveita frå Skorpo seinare i haust òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.