Sport | 22. aug. 2014

Hilda (6) tok laks i elva

Hilda Lyssand fekk ei uforgløymeleg oppleving då laksen beit i Oselvo torsdag.

Hilda (6) tok laks i elva
Hilda Lyssand (6) med fisken ho fekk i Oselvo fredag (privat foto)
Andris Hamrefredag 22. aug. 2014 12:18

Torsdag inviterte ungdomsutvalet i Os Jakt og Fiskelag til fiskekveld i Oselvo. Fem-seks ungar i alderen seks til tolv år stilte opp, og fekk ein artig kveld ved elvebredden.

Størst var nok gleda hjå seks år gamle Hilda Lyssand som, med god hjelp frå far Ove, landa ein tert på 2,1 kilo i sone 2.

– Ho blei rimeleg ivrig og var ikkje særleg lysten på å gå heim når vi var ferdige.

– Ho fryda seg stort over å kjenne korleis fisken nappa og drog i snøret før vi fekk den på land.

Dette var første gong den unge jenta freista fisket i elva.

– Ho har vore med meg litt tidlegare på sjøen og på moloen framfor Oseana, men det var første gong i elv, og første gong det har blitt fangst å snakka om, smiler Ove Lyssand.

Ove som sjølv er ein ivrig laksefiskar gler seg over at fiskegenet ser ut til å vera inntakt hjå dottera.

Fleire fekk fisk

I tillegg til Hilda sin fangst, tok Vetle Svendal ein tert på 0,8 kilo og ein sjøaure på omlag ein halvkilo blei tatt på land.

– Båe desse blei tatt nede i sone 0.

– Sjøauren blei såpass skadd etter å ha svelgd makken at den måtte takast på land, forklarar Lyssand.

Skal laga knivar

Ungdomsutvalet fiska i sone 0, 1 og 2 i elva torsdag ettermiddag.

– Dette var i utgangspunktet den siste felles fisketuren i utvalet i år, men vi kjem til å arrangera fleire andre ting, mellomanna eit knivmaker-kurs, i løpet av hausten.

– Det er berre å følgje med på facebooksida vår, avslutter Lyssand, som er nestleiar i utvalet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.