– Mi djupaste medkjensle går til dei som sit att, seier Terje Hatvik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Hilda var eit flott menneske!

Terje Hatvik vaks opp som nabo til drepte Hilda Rød Feste (98). Han fortel om ei dame med kvikk replikk, fint vesen og stor interesse for dei rundt seg.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Torsdag, januar 5, 2012 - 14:00

– Tapet av Hilda er ufatteleg grusomt. Mi djupaste medkjensle går til familien hennar, seier Terje Hatvik.

Hilda Rød Feste (fødd 20. februar 1913) blei drept søndag 1. januar. Hilda har éi dotter, fire barnebarn og fleire oldebarn.

Politiet jaktar framleis på ukjent gjerningsmann.

– Då eg høyrte om saka søndag kveld så fekk eg ei kjensle av at eg kjente vedkomande. Då politiet gjekk ut med alderen til offeret følte eg meg sikker på at det dessverre var snakk om Hilda, 98-åringar har vi ikkje så mange av, seier Terje.

Kunnskapsrik og engasjert

Terje Hatvik (47) er ein historieinteressert lokaljournalist og lokalpolitikar med bakgrunn som sambandsmann i forsvaret.

– Hilda var venninne med bestemora mi og fleire andre kvinner i nabolaget. Dei var veldig sosiale og fleire av dei var aktive saman i saniteten.

Historieinteressa har Terje hatt sidan han var ung, og han hugsar Hilda som ein god samtalepartnar.

– Vi hadde mange gode diskusjonar. Sjølv om eg var ein ung pode og ho ei vaksen dame hadde vi mykje å snakka om.

Flink til å lytta - flink til å snakka

Hatvik fortel om ei dame som var høfleg, imøtekomande og kvikk i replikken, på ein fin måte.

– Ho var finsleg og hadde eit roleg vesen. Samstundes var ho engasjert og interessert, og det var livet ut.

- Det er ikkje alle som er sånn, at dei er interesserte, flinke til å lytta og gode samtalepartnarar. Men Hilda hadde denne eigenskapen, saman med at ho var flink å skriva og veldig samfunnsengasjert.

Tvilling og enkje

Hilda hadde tre eldre søstre og ein storebror i tillegg til tvillingbroren Annanias. Faren, Peder Rød, og seinare broren, var begge rosemålarar.

Hilda gifta seg med Klaus Feste frå Lindås og flytta til garden hans. Klaus døydde litt tidleg, og etter nokre år flytta Hilda og dottera tilbake til Os.

– Ho kjøpte tomt på garden til svigerbroren på Heggland og bygde hus, fortel Hatvik.

I omsorgsteneste

I Os jobba Hilda blant anna som sekretær i familiebedrifta, før ho byrja på Os sjukeheim, der ho jobba til ho var 70 år.

Rundt 1996-1997 flytta ho til Gamleheimshagen.

– Ifølgje Ossoga (Bygdesoga for Os), som er skrive av Hilda sin onkel Nils Tveit, blei Gamleheimshagen bygd i januar 1932.

– Det er ufatteleg trist det som har skjedd på den 80 år gamle omsorgseigedomen.

– Eg er ikkje nokon medisinmann, men så frisk og rask som Hilda var så trur eg ho var ei dame som skulle blitt mykje eldre enn 98 år, seier Terje Hatvik.

 

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Hilda og Annanias då dei fylte 90 år. (Foto: Hallvard Lyssand, Os og Fusaposten)

Hilda og Annanias då dei fylte 90 år. (Foto: Hallvard Lyssand, Os og Fusaposten)