Historisk båt på plass i heimbygda
Dette er Askvik bygg 1. Sjå bildeserie av nybygget og løysingane om bord i Os sitt nye båtmerke.
Bildeserie:
I november fortalte Bjørn Askvik om nyetablert båtfabrikk og produksjon av nytt båtmerke; Askvik.
Les òg: Osing lanserer nytt båtmerke
Den erfarne båtseljaren frå Askeladden-familien startar med å lansera to opne båtar, ein på 14 fot og ein på 18 fot.
Onsdag kveld kom han heim med den første, 18 fot lange Askvik 545 SUV.
Fin utanpå, røff inni
I november fortalte Bjørn om tanken bak dei to første båtane, å laga gode og rimelege allbruksbåtar for både hobbyfiske og strandhogg med familien.
– Eg er veldig nøgd med korleis båten blei sjåande ut, både fargeval og linjer, styrekonsoll og stolane. Det kjem også fullt putesett til båten i stil med dei to stolane.
Askvik 545 SUV er brei og romsleg også heilt fram i baugen. Dørken og innvendig skuteside er prikka med mud-fargen frå utvendig skrog, fint, men røft, ein båt som innbyr til både tur og fiske.
– Det kjem også ein modell der du sit på baktofta og har ein liten, midtstilt konsoll. Denne får større dekkplass og feste til både spel og garnrulle.
Fleire smarte løysingar
Askvik har fleire gjennomtenkte løysingar som både er praktisk for komande eigarar og forhandlarar.
– Når skjergardsjeepar skal transporterast i mengder blir konsollen liggande laust for at båtane skal stablast oppå kvarandre. Vi har laga det sånn at du kan vippa konsollen fram og ned under transport eller om du vil ha betre tilkomst til eit stuerom som er laga i innerbotnen.
Balanse og tyngdepunkt er også tatt med, bensintanken er plassert under midtkonsollen, batteriet bak diagonalt i forhold til førar. Påfylling av bensin er i baugen.
Benken bak går i eitt stykke, altså med plass til 3-4 passasjerar. Måten Askvik har fått dette til på er at midterste del kan vippast fram når motoren skal tiltast opp. Slik kan Askvik plassera benken langt bak i båten og samtidig sleppa å ofra setet i midten.
Vil på sjøen før jul
– Dette er ein prototype og vi har allereie enkelte små endringar som kjem på dei neste båtane, fortel Bjørn.
Den midtstilte pullerten i baugen skal erstattast av to, éin på kvar side, for å gjera det lettare å setja garn frå baugen utan at det hektar seg fast.
I midtkonsollen skal det koma to innfelte kopphaldarar, i setet i baugen kjem innfelt rom for brannsløkkingsapparat.
– Så no blir det montering av motor over nyttår?
– Nei, vi kan ikkje venta så lenge. Vi satsar på montering snarast så vi kan koma oss på sjøen for testing i helga, seier Askvik.
Askvik 545 SUV blir truleg registrert for maks 115 hk.
Beste Tohatsu-forhandlar
Askvik har fått pokal mange gongar før, som Askeladden-seljar tidleg på 2000-talet var det ingen i Noreg som selte fleire Mariner-motorar.
Ein båtsesong varer til september og neste sesong startar i oktober. Askvik kom først i gang med 2014-sesongen i mars-april og har selt rundt 70 småbåtar av ulike merke i sitt første år i drift.
– Salet har vore godt, men eg blei likevel veldig overraska då eg tidlegare i haust blei kåra til årets Tohatsu-forhandlar, seier han.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.