
Historisk UM-gull
Av: Kjetil Vasby Bruarøy Lørdag, september 4, 2010 - 10:14
Joakim Sælen, som i dag er i Finland for å gå 5000 meter, vann i går 3000-meteren i friidretts-UM i Molde.
Det var kappgang under UM for to år sidan også, men då var utøvarane medlemmar i Gangforbundet. I år er alle utøvarane samla under same tak, Norges Friidrettsforbund, noko som gjer Sælens gull historisk.
Ein annan søftelending, Sindre Ølness, var først i mål, men fekk beskjed om at han hadde fått ei åtvaring nummer tre og derfor blei diska.
Sjå også friidrett.no.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no