E39 Svegatjørn-Rådal | 04. nov. 2022

Hjort kom haltande ut av Skogafjellstunnelen

Vitne såg at den blei påkøyrd.

Hjort kom haltande ut av Skogafjellstunnelen
Hjort langs ny E39 i Svegatjørn 23. desember i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. nov. 2022 07:40

Torsdag åtvara Tomas «Alu» Cymermonas mot hjort på ny E39, fredag morgon blei ein hjort sett haltande ut av Skogafjellstunnelen.

– Vi fekk melding om påkøyrd hjort klokka 06.19, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Les ògHjort vandra på motorvegen dagen før ny E39 opna

Ho reknar med at dette er første melding om påkøyrd hjort på ny E39.

– Meldar såg at ein bil køyrde på hjorten, men vedkomande bilist køyrde vidare i retning Bergen.

Viltkontakt er varsla for ettersøk.

Straffbart å ikkje melda ifrå

Det er ikkje straffbart å køyra på eit dyr, men det er straffbart å ikkje melda ifrå.

Det er over 400 kamera på det nye veganlegget, men uvisst om politiet følgjer opp saka vidare.

I Endelausmarka er det bygd 2,5 kilometer med viltgjerde for å halda hjort vekke frå motorvegen.

Midtsiden har snakka med prosjektleiar Kelly Iversen både i januar i år og i førre veke om mengda hjort ved Svegatjørn.

To av dei tre hjortane som vandra langs ny, uopna veg, på veslejulaftan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògSkal ny E39 skjermast mot hjort?

– Vi har, etter samtalen vår i januar, fått fleire meldingar om observasjon av hjort ved Svegatjørn, sa Iversen i førre veke.

– Det er tydelegvis mykje hjort i området, og kanskje er det det grøne graset som lokkar.

Trur ikkje det blir enkelt

Etter opning av E39 ser vi at Skogafjellstunnelen er skilta med åtvaring mot hjort.

– Vi vil følgja med. Om det blir ei utfordring med påkøyrslar av hjort, kan det bli iverksett tiltak.

Å stenga hjorten heilt ute, tviler ho uansett på at vegvesenet klarer.

– Det er vanskeleg når det er i eit område med rundkøyring og av- og påkøyrslar til motorvegen.

– Men eit tiltak som kan vera med på å redusera faren for påkøyrslar, kan vera å bygga gjerde frå tunellen og eit stykke vidare, sånn at det ikkje blir det første du møte på når du er på veg ut av den.

Også rev og oter er observert i dyriske Kolskogen, men hjorten er tyngre å møta.

04.11.22 ca kl 06:19 mottok politiet melding om en påkjørt hjort som haltet ut av Skogafjelltunnellen. Tror dette en den første meldingen om hjort i i ny tunell på Bjørnafjorden sin side. Melder så at det var et kjøretøy som kjørte på hjorten, som bare kjørte videre i retning Bergen. Viltnemnda overtok oppdraget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.