Kultur | 15. sep. 2014

– Ho er ei av dei store

Anita Skorgan til Oseana med julekonsert. – Dette har vi hatt på ønskelista lenge, seier Berit Steen.

– Ho er ei av dei store
Anita Skorgan med band kjem saman med Terje Nordby til Oseana like oppunder jul (pressefoto: Lisbeth Michelsen)
Andris Hamremandag 15. sep. 2014 13:46

Med ein nyprodusert julekonsert, kor ho stiller med band og er i tett samarbeid med Terje Nordby, som framfører si tolking av Charles Dickens sitt juleevangelium, kjem Anita Skorgan til Oseana 16. desember.

– Vi har hatt Anita Skorgan på blokka lenge og no klarte vi endeleg å få det til. Framsyninga er så ny at den var ikkje klar då vi skulle sy saman programmet for hausten tidlegare i sommar, seier arrangementssjef Berit Steen ved Oseana.

– Eg er utruleg glad for at de klarte å rydda plass til oss på turnékalenderen. Ved sidan av Logen i Bergen er vi dei eineste i området som får ho på besøk.

Spennande kombinasjon

Arrangementssjefen gler seg til la seg forføra av Stjernekamp-aktuelle Skorgan sine vakre tolkingar av nordmenns felles julesongrepertoar.

– I tillegg til å ha med seg eit band med dyktige musikarar, så er det eit utruleg spennande samarbeid ho har med Terje Nordby.

– Nordby er kanskje mest kjend for Mytekalendaren på radio, eller som tekstforfattar i 70-talets Tramteater, men har hatt stor suksess som dramatikar for andre scener, både i inn- og utland. Det var faktisk Nordby som gjendikta ”Sokrates Forsvarstale” som Toralv Maurstad vitja Oseana med i januar.

– Nordby er bidragsytar i denne konserten på fleire plan, både som musikar og med eit eige innslag i konserten, der han fortel Charles Dickens sitt juleevangelium, eller ”A Christmas Carol” som den heiter på engelsk, fortel Steen.

Skorgan hadde sin første julekonsert for 27 år sidan, og seier sjølv at noko då fall på plass i det musikalske livet hennar. Frå eit utgangspunkt i klassisk piano og pop fann ho via kyrkjerommet fram til sitt musikalske uttrykk, som sidan har fått utvikla og fordjupa seg vidare. Anita Skorgan er i disse dagar aktuell på NRK-programmet "Stjernekamp".

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.