Høg innsats på påsketrening
Bildeserie: 70 ivrige fotballspelarar har brukt dei to første dagane av påsken til treningsleir med A-laget til Os.
Bildeserie:
For å gje eit tilbod til ungar som skulle vera heime i starten av påsken, og for å tena nokre kroner til ein treningsleir i sommar, har spelarane på A-laget til Os nytta dei to første dagane av påskeveka til å læra bort triks og fintar til dei yngre årgangane.
– Det har vore ein heilt upåklageleg innsats av ungane, smiler «rektor» Endre Brenne.
– Vi fann ut at vi ville laga denne påskeskulen både for at det er i tråd med klubben sin filosofi om å skapa aktivitet i skuleferiane, og fordi vi planlegg ei treningssamling for a-laget i sommarferien. Då treng spelarane jobba seg opp litt dugnadstid og -pengar, slik at vi får råd til den, forklarer Brenne.
Turnering og påskekos
Saman med fleire av dei andre a-spelarane var han tysdag i full sving med å instruera 70 ungar frå alle krinsane på Kuventræ. Med har det vore spelarar både frå Os, Nore Neset og Søfteland.
– Vi har halde på fra ni til tre kvar av dei to dagane.
– I dag avsluttar vi treningsleiren med turnering, men før det skal vi sjå om ikkje vi kan få til litt påskekos.
– Stian Kvåle står i klubbhuset og lager til pølsefest og anna snop som vi skal ha til lunsj, avsluttar Brenne i det han set ei ny gruppe spelarar i sving.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.