Lokal | 24. mars 2018

Hugs å stille klokka

I natt skal du stille klokka til sommartid, men veit du kvifor?

Hugs å stille klokka
Dei fleste klokker stiller seg i dag automatisk, men framleis er det nokre analoge ein må stilla sjølv (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 24. mars 2018 11:59

Klokka 0200 i natt skal klokka stillast ein time fram slik at den blir 0300. Sommartida varer fram til den siste søndagen i oktober.

Men kvifor har vi sommar tid?

Sommartid blei først foreslått av Benjamin Franklin i eit humoristisk essay frå 1784, men først i byrjinga av 1900-talet blei det vurdert på alvor.

Skulle spare energi

I følgje ein artikkel hos National Geographic blei sommartid første gang innført i Østerrike og Tyskland 30. april 1916 for å spara energi og med det olje, som det var lite av grunna første verdskrig.

Sommartid kom igen under andre verdskrig og på byrjinga av 1960-talet, men først frå 1980 blei sommartid fast i Noreg. Så seint som i 1996 blei sommartida den same i alle EU-land. Noreg følgjer EU si sommartid som følgje av EØS-avtalen.

Hjelper det?

Om sommartid faktisk sparer energi er forskarar ueinige om. Ein undersøking frå Australia i 2000 viser at ein reduserer forbruket av lys og elektrisitet om kvelden, men auker det om morgonen, noko som at ein ikkje sparar noko.

Andre undersøkingar syner at det faktisk er noko å spare. I ein rapport frå USA blir det hevda at ein i USA sparte 1,3 terawattimer på forlenging av somartida og at det årlege strømforbruket i USA reduserast med 0,03 prosent, noko som utgjer ein betydeleg innsparing.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.