Næringsliv | 12. juni 2012

– Hurra for Hamnehagen!

Like attraktiv som Os Sjøfront: Bygg Concept selte leilegheiter for over 42 millionar kroner måndag kveld.

– Hurra for Hamnehagen!
– Hamnehagen er godt mottatt, slår Øyvind Tøsdal fast. (Ill.: Snølys, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. juni 2012 11:10

I går var det informasjonsmøte og salsstart for Hamnehagen, eit bustadprosjekt på 43 leilegheiter på tomta bak Os Eldresenter i Hamnevegen.

Les òg: 43 hus - 73 interessentar

Bygg Concept AS selte 9 leilegheiter, bustadar til ein verdi av 42,8 millionar kroner.

– Det var ein heilt fantastisk ettermiddag med over 50 på møtet og godt sal frå første stund, før vi har byrja å annonsera prosjektet, seier Liv Osland frå Bygg Concept AS.

Til samanlikning selte StorBergen Boligbyggelag 12 leilegheiter i Os Sjøfront til ein samla verdi på 46 millionar kroner på sin første dag.

– Ikkje alle fekk førstevalet, og ville derfor heim og diskutera kva dei då skulle velja. Så vi reknar med at det ikkje går lang tid før vi har endå fleire kjøparar.

Selte toppleilegheit

Prisane på dei 43 husværa går frå 2.990.000 til 6.990.000 kroner. Storleiken er frå 66 til 135 kvadratmeter.

– Vi har 5 toppleilegheiter, 1 av dei blei selt i går. I tillegg har vi fleire andre med fin plassering og storleik, fleire av dei gjekk i går, men det er mykje fint igjen.

– Enkelte har reagert på prisane, men dei står i samsvar med dei høge kvalitetane, med passivhus, flotte kjøkken å velja mellom, to bad og parkering under bustadanlegget. Og med denne responsen ser det ut som om prisen er rett på fleire måtar, seier Osland.

Arkitektane orienterte

Hamnehagen er teikna av ABO plan og arkitektur, og arkitektane Jan Haaland og Rigmor Sletnes stilte på møte for å fortelja om deira tankar rundt eigen strek.

– I tillegg kom entreprenør Betonmast, som skal bygga prosjektet, og fortalte om seg sjølv og tankar om byggeprosessen, seeir dagleg leiar i Bygg Concept, Øysvind Tøsdal.

– Det blei mykje god informasjon og veldig fin stemning. Vi er naturlegvis veldig nøgd, ikkje minst med det at vi kan få til eit slikt prosjekt så nær sentrum, midt i eit etablert bustadområde, utan ein einaste konflikt, legg han til.

Byggestart i august

Fleire bygningar på tomta skal rivast, både bustadar, garasje og næringsbygg. Rivinga av det første har starta.

– Vi held fram med riving gjennom sommaren og har plan om fysisk start med graving på tomta måndag 6. august, seier Tøsdal.

Alt blir bygd i eitt trinn og Hamnehagen skal vera klar for innflytting våren 2014.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.