Lokal | 02. juni 2018

I dag blir det action i Hegglandsdalen

Sjøfly, dobbeltdekker, modellbåtar og det sjeldne kamphelikopteret Huey kjem til familiearrangement på Øvreeide Gard.

I dag blir det action i Hegglandsdalen
Eit sjøfly som landa i Øyane i dag, kanskje på veg til treff, og HUEY-en som også var her i 2016. (Foto: lesarbilde/Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. juni 2018 08:53

Laurdag morgon fekk Midtsiden tilsendt bilde av eit sjøfly som nyleg landa mellom Strøno og Øyane.

Flyet er kanskje på mellomlanding på veg til flytreff hos entusiasten Tore Øvreeide i Hegglandsdalen?

– Vi ventar fleire sjøfly her i dag, så det kan godt henda. Det første kom i går kveld, fortel Øvreeide.

Inn på tunet-garden inviterer i dag til familiedag for flyinteresserte med fri entré og open kafé.

Fly, helikopter og - modellbåtar!

– Fallskjermhopparane har skadd flyet sitt, så dei kjem dessverre ikkje. Men vi har fleire fly og helikopter her, i tillegg kjem Bergen Skala Modellbåtklubb og skal køyra båtar på vatnet.

Det er lagt til rette for at gjestane òg kan få sitja på med fly og helikopter. Det mest spektakulære er nok Bell UH-1, populært kalla «Huey».

• Sjå bildeserie frå flytreffet i Dalen i 2016

Berre 36 av 192 kom tilbake

Bell har produsert over 16.000 HUEY-ar i ulike versjonar.

US Marine Corps bestilte 192 eksemplar av spesialutgåva UH-1E. Alle desse blei sendt til Vietnam, 36 av dei kom tilbake til USA etter krigen.

– Hovudårsaka til at det blei så få igjen er at, under evakuering med hangarskip, blei ballast som fly og helikopter skubba rett på sjøen så snart personell var redda om bord, fortel Øvreeide.

Truleg er berre 5-6 av desse operative i dag, kanskje endå færre. Eitt av dei kjem til Hegglandsdalen. Før helikopteret kom frå USA til Europa var det, på 80-talet, i bruk til vakthald langs grensa til Mexico av San Diego Sheriff Department.

– Det er lagt til rette for at publikum kan få seg ein tur! Det er det òg med Håkon Fosso sitt Christen Eagle, men han kjem til å landa på Ulven og fly fleire oppvisingsturar over Hegglandsdalen med dobbeltdekkeren sin, fortel Tore.

Mesteparten av flyginga blir frå klokka 13 til 18-19 i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.