Lokal | 29. mai 2015

UP i sivil tok fleire førarkort

Os lensmannskontor tok få syndarar på E39 i går. UP i sivil stoppa fredag morgon både bilistar og ein lynrask mopedist.

UP i sivil tok fleire førarkort
Politiet kontrollerte trafikken på E39 halhjemsvegen i går. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. mai 2015 07:29

Torsdag i 13-tida hadde politiet i Os trafikkontroll ved vekta på E39 Halhjemsvegen.

– Det blei skrive ut to gebyr til førarar som ikkje hadde lappen med seg, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

På Ulvensletta stoppa dei ein i 20-åra som kjørte utan skilt.

Han hadde vore hos vegvesenet og levert skilta inn, og kjørte bilen heim. Eller rettare sagt, nesten heim.

To førarkortbeslag og ein trimma moped

Fredag morgon var UP på patrulje på Hatvikvegen og i Hegglandsdalsvegen med sivil bil.

– Ein mann i 40-åra blei målt med snittfart på 79 km/t i 50-sona, ein 19-åring blei stoppa i 82 km/t, fortel politibetjent Trude Lande.

Dei to kan truleg venta seg 4 og 6 månadar beslag og 8000 kroner kvar å betala til statskassen.

I tillegg blei ein mann i 30-åra 4200 kroner fattigare då han blei målt i 70 km/t i 50-sona på Hatvikvegen.

– Eg stoppa også ein moped som heldt ein snittfart på 65 km/t på Hegglandsdalsvegen. Han må ut med 5650 kroner for høg fart og trimming av moped.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.