Lokal | 24. mai 2017

Ikkje berre, berre å få gangveg

Truleg ikkje oppstart før i 2018: Gang- og sykkelveg frå Hauge til Valla Bru trekk ut.

Ikkje berre, berre å få gangveg
I byrjinga av mai starta vegvesenet oppmålinga. Omlag der bilete er tatt frå må vegen leggast om (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 24. mai 2017 13:40

Som Midtsiden skreiv i byrjinga av mars, har Statens vegvesen starta arbeidet med oppmålinga av den komande gang- og sykkelvegen langs Hegglandsdalsvegen frå Haugekrysset til Vallabrua.

Like etter hadde kommunen eit møte med Statens vegvesen, kor dei i ettertid formulerte eit brev til fylkeskommunen for å sikra seg at også dei var med på notene.

Må flytta vegen

I Plan- og bygningsutvalet onsdag fortalde Aina Tjosås, kommunalsjef for Samfunnsutvikling at dei har hatt eit nytt møte med Statens vegvesen og fylkeskommunen om prosjektet.

– Det viser seg at det er ikkje så enkelt som vi hadde håpa og trudd. Skal vi legga VA-ledning og gang-/sykkelveg oppå den så krev det at vi må flytta vegen i svingen ved Lyssandfabrikken. Det ligg inne i den godkjente reguleringsplanen. Skal vi få på plass gang-/sykkelvegen, så må vi gjera det i takt med vegvesenet. Og dei held på med å prosjektera no. Forventa oppstart blir etter jul, fortalde Tjosås.

Ikkje berre å grava

Tjosås fortalde at om ein berre skulle laga gang- og sykkelveg, utan å flytta vegen, så var ikkje det heller berre enkelt.

– Vegvesenet må vera heilt sikre på at vegen tåler at vi grev inntil den. Om ikkje så må gang- og sykkelvegen flyttast vekk frå eksisterande veg, og då blir vi litt short av areal i høve reguleringsplanen og grunnavståing, forklarte Tjosås.

– Det vi uansett har bedt om er at det i allefall blir lys langs vegen til hausten, men at det blir gang- og sykkelveg til skulestart. Det gjer det ikkje.

Aktuelt å senka fartsgrensa

I november 2017 blei fartsgrensa langs Hegglandsdalsvegen redusert frå 50 til 40 km/t på den aktuelle strekninga grunna stenginga av Borgavegen.

– Kan det vera snakk om å setta ned fartsgrensa slik som sist, undra Trine Lindborg (Ap).

– Det må vi sjå på. Det kan vera ein moglegheit som eit midlertidig tiltak.

– Det kan òg vera at det kjem ein sak med spørsmål om Os kommune kan forskuttera noko av det arbeidet fylkeskommunen skal kosta på fylkesvegen, svara Tjosås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.