Lokal | 11. aug. 2014

– Ikkje øydelegg for dykk sjølv

Lensmannen med klar oppfordring til vannscooterkøyrarar etter fleire meldingar om uvettig køyring.

– Ikkje øydelegg for dykk sjølv
Køyring med vannscooter blei lovleg i fjor sommar, men framleis mottek politiet meldingar om uvettig køyring (ill.foto: KVB)
Andris Hamremandag 11. aug. 2014 07:32

Forbodet mot å køyra med vannscooter blei etter lang tids kamp frå miljøet letta på i fjor sommar.

– Vi får fleire meldingar om uvettig køyring med vannscooter. Fleire av dei for nære land i for høg fart.

– Sålangt har vi ikkje vore ute på desse meldingane, men held det fram blir vi nøydd til å ta tak i det, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

– Grip sjansen

Lensmannen har ei klar oppfordring til førarane av vannscooterane.

– No har de fått moglegheiten til å køyra etter at det nye regelverket kom.

– Då må de ikkje øydelegge for dykk sjølv med å køyra hasard nære land og inne i hamner.

– Køyr aktsomt og på ein skikkeleg måte, så risikerer de ikkje at regelverket blir endra igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.