Lokal | 23. juni 2016

Ikkje sats på naudpass

Sjekk passet i god tid før du skal ut og reise. Politiet innfører restriksjonar på å skriva ut naudpass på Flesland.

Ikkje sats på naudpass
Ikkje sats på naudpass om du skal til syden i sommar (foto: AH)
Andris Hamretorsdag 23. juni 2016 07:30

I ei pressemelding frå Vest Politidistrikt kjem det fram at det i sommar blir restriksjonar på å skrive ut naudpass ved Bergen lufthamn.

– Reisande som har gløymt sitt ordinære pass kan ikkje regne med å få naudpass. Restriksjonane gjeld i helgene frå fredag klokken 15 til søndag klokken 24.

Personar som treng naudpass må ordne dette hos lokalet politi før dei drar til flyplassen, skriv kommunikasjonsrådgjevar Gry Benedicte Halseth i pressemeldinga.

Reisande kan ikkje rekne med å få naudpass dersom dei:

  • har glømt sitt ordinære pass
  • ikkje finner sitt ordinære pass
  • ikkje har bestilt /fått nytt pass utstedt når gammalt pass er gått ut

Berre personar med vesentlige velferdsgrunner kan rekne med å få naudpass i helgene.

Sjekk passet i god tid før du skal reise!

Politiet oppmodar alle som skal reise i sommar om å sjekke at pass til alle i reisefølgjet er gyldig i god tid før reisa og rekne nok tid til å bestille nytt pass hos sitt lokale politi.

Midt på dagen, midt i veka er best

Os lensmannskontor har passmaskin og utsteder pass til osingar.

– Vi utsteder både ordinære pass og naudpass, men ein får ikkje naudpass om ein har tenkt å bestilla ein hopp-påtur dagen etter. Det skal vera naud og dei må vise at dei har ei bestilt reise, opplyser dei på lensmannskontoret.

– Når er det best å komma innom dykk for å få ordna nytt ordinært pass?

– Både fredager og måndager er travle, så det beste er om ein kjem midt i veka på tysdag, onsdag eller torsdag.

– Ein annan ting er at ein gjerne kan komma midt på dagen. Mange tenkjer at det er best å komma tidleg på morgonen, men då er det ofte kø. Så midt på dagen, midt i veke er det beste.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.