Lokal | 20. mars 2016

Indre alternativ framleis dyrare enn fjordkryssing

Prisen på bru over Bjørnafjorden auka med 12 milliardar, men veg om Fusa er framleis dyrare.

Indre alternativ framleis dyrare enn fjordkryssing
Alternativet med bru frå Os til Tysnes er framleis billigare enn ny E39 om Fusa, ifølgje vegvesenet. (Skisse: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. mars 2016 20:08

Skotårsdagen 29. februar la Statens vegvesen saman med dei andre fagetatane fram grunnlagsdokumentet for E39 Aksdal-Bergen (Hordfast) for Nasjonal transportplan.

I dokumenta kom det fram at prislappen på Stord-Os hadde auka frå 27 til 39 milliardar kroner.

Dette fekk fleire til å be om ny vurdering av traséval. No viser det seg at vegvesenet allereie sat på ein nyare pris på alternativet om Fusa, og i mai i fjor var den på 40 milliardar kroner.

- Vi såg at prisane på den midtre linja steig og då gjorde vi denne utrekninga av eigeninteresse, fortel prosjektleder Kjartan Hove i Statens vegvesen til BT.no.

Han legg til at viss det hadde vist seg at den indre traseen var mykje blligare enn den midtre så ville vegvesenet sendt innspel til departementet om omgjering av traseen.

Framleis uvisse

Trass kostnadsoverslaget som nyleg er gjort kjent er ballen neppe lagt død.

Vegvesenet seier at det er prisuvisse på 40 (!) prosent pluss/minus i overslaget, viss meir eksakte tal skal koma på bordet må fylkesmannen koma med bestilling på dette arbeidet.

Ordførar i Fusa kommune, Atle Kvåle (Ap), vil ifølgje BT be om ein pris på redusert standard, to felt og 90-sone i staden for fire felt og 110-sone.

– Vi må bygga etter det behovet og dei finansielle musklane vi har, ikkje dei vi ønskjer å ha, seier Kvåle til BT.

Midtsiden følgjer: E39 Hordfast

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.