Lokal | 26. okt. 2016

Inga grunn til eldrefrykt

Politikarane i Os frykter eldrebølgja. Det har dei liten grunn til. I 2040 vil berre 13% av osingane vera over 70 år.

Inga grunn til eldrefrykt
Eldrebølgja blir mindre i Os enn i ein god del andre kommunar om ein skal tru statistikken (ill.foto: KVB)
Andris Hamreonsdag 26. okt. 2016 06:50

I følgje VG si framstilling av SSB-tal vil Os bli av dei dagens kommunar som vil å ha lågast andel av innbyggjarar over 70 år i 2040.

– Generelt blir befolkninga eldre og eldre, men det er store regionale forskjeller. I Oslo venter vi at berre 12 prosent av befolkninga vil vera 70 år eller meir i år 2040, medan det kan bli fleir enn 30% eldre i einskilde utkantkommunar, seier forskar Stefan Leknes i SSB til avisa.

Auker nest mest i Hordaland

I følgje tala vil vi i 2040 ha passert 30 000 innbyggjarar i den noverande Os kommune. Frå 19 742 i 2015 til 30 061 i 2040, ei auke på 52,3%. Det er berre Meland som veks meir enn Os i perioden, frå 7 812 til 12 249 (56,8%).

Felles for dei to kommunane er at dei begge er front-kommunar for Bergen, og begge vil ha ei eldrebefolkning som utgjer 13% av innbyggjartalet.

Til samanlikning vil 16% av innbyggerane i Bergen vera over 70 år, 20% på Fusa og 22% på Tysnes i følgje berekningane frå SSB.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.