midtsiden

Ingen medalje i Malaysia

Ingen av dei 12 norske utøvarane tok medalje i karate-VM.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Lørdag, oktober 15, 2011 - 20:55

Åsmund Slettevold frå Os var blant dei 12 norske utøvarane som deltok i karate-VM for juniorar i Malaysia denne helga.

Les òg:
Tøff trening i Kina

Det deltok totalt 1032 utøvarar frå 70 nasjonar i meisterskapen.

Gitte Brunstad og Karl Andre Svendsen frå Mizuchi Karateklubb i Bærum imponerte og sto med sine 7. plassar for dei beste norske prestasjonane, melder Norges Kampsportforbund.

Åsmund, som nyleg tok to gull i ein open meisterskap i Tyskland, kjem heim utan medalje, men truleg med fine minne og gode erfaringar.

 

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11