Lokal | 11. nov. 2014

Innandørs refleks-kveld

Kommunen tek oppatt tradisjonen med refleks-kveld for 1. klassingane. – I år blir det under tak i Lidl-bygget, fortel Ståle Skaatun.

Innandørs refleks-kveld
Refleksdagen for 1. klassingane, blir innandørs i Lidl-lageret i Ådnadalen tysdag 18. november (foto: KVB)
Andris Hamretirsdag 11. nov. 2014 08:06

I byrjinga av oktober blei 5. og 10. klassingane invitert til Oseana på trafikktryggleikdag med mellomanna politi og brannvesenet.

– Vi ville òg arrangere ein kveld for førsteklassingane etter den modellen som vi nytta tidlegare.

– Tysdag den 18. inviterer vi difor førsteklassingane saman med foreldra sine til eit opplegg i Lidl-bygget i Ådnadalen, fortel Ståle Skaatun, leiar i trafikksikringsutvalet i Os kommune.

Under tak

At det blei Lidl-bygget er litt tilfeldig.

– Vi var på jakt etter ein stor plass utan trafikk og var på synfaring ved bygget då vi fekk spørsmål om vi ikkje ville ha det innandørs i staden.

– Sjølvsagt ville vi det. No kjem vi under tak, men elevar og føresette må likevel kle seg godt, det er ikkje varme i bygget, forklarar Skaatun.

Rundløype for tre grupper

For å få eit passe antal elevar om gangen har trafikksikringsutvalet delt skulane opp i tre.

Gruppe 1 er Søre Øyane, Søfteland, Hegglandsdalen, Lunde og Strøno barneskuler. Gruppe 2 er Kuventræ og Os barneskule. Gruppe 3 er Lysekloster, Nore Neset og Halhjem barneskuler.

– Opplegget blir først litt informasjon frå ei scene, før elevane og foreldra får ein demonstrasjon omkring det å nytta refleks.

– I tillegg kjem brann- og redningsvesenet til å vera der med ein brannbil, om dei ikkje må ut på eit reellt oppdrag.

– Vi her sjølvsagt spent på oppslutninga i og med at det skjer på kvelden, men har tru på opplegget, avsluttar Skaatun, som minner om at alle må ha på seg refleks, også denne kvelden.

Reflekskvelden blir arrangert i samarbeid mellom trafikksikringsutvalet, oppvekst- og kulturavdelinga, teknisk eining, Os brann og redningsvesen, Os lensmannskontor, Trygg Trafikk og Bjoarvik Trafikkskule.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.