Lokal | 02. okt. 2017

To innbrot på tre døgn

Skuleelevar fann tjuvgods før innbrotet var oppdaga: Kvar haust i fire år har kiosken på Kuventræ blitt utsett for innbrot.

To innbrot på tre døgn
Kiosken på Kuventræ har blitt ramma av to innbrot. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. okt. 2017 10:15

Torsdag fekk politiet melding frå Kuventræ barneskule, om funn av store mengder sjokolade og sjokolademjølk i eit skogholt ved skulen.

Os Fotball blei kontakta, men visste ikkje at dette var varer frå kiosken før etter at denne opna på kvelden.

– Dei som var på dugnad hadde ikkje sett det, men eg oppdaga lause hengslar og såg at store mengder varer var vekke, seier Solfrid Vernøy, som saman med Annette Kleppe har hovudansvar for kiosken.

Stal knivar, kassabok og sjokolade

Før A-laget, Os 3 og damelaget hadde kamp laurdag, var rundt 30 yngre lag i aksjon med kamphelg.

– Vi venta heldigvis til laurdag morgon med å handla inn til cupen, for laurdag viste det seg at kiosken igjen var ribba for varer.

– Det blei nokre store handleturar for å fylla kiosken med varer til alle ungane og foreldra som var på Kuventræ denne dagen.

Brus, sjokolade, vaskeutstyr og alle knivane i kiosken er blant det som er vekke. Også kassaboka og fleire kassarullar er vekke.

Hardt ramma samlingspunkt

Kiosken på Kuventræ er open nesten kvar dag, og alltid når det er kamp.

– Dugnadsviljen har vore heilt fantastisk. Vi set opp vaktlister og folk stiller opp med eit smil, fortel Solfrid.

Når ho ser tilbake på innbrotshistorikken ser den meir fortvilande ut.

– Det er like skuffande kvar gong det har vore innbrot. Verdiar blir tapt, det er mykje arbeid med å rydda og reparera, og no når kassabok og fleire kassarullar er vekke får vi også ein vanskeleg jobb med å prøva å rekonstruera rekneskapen.

Solfrid har òg oppdaga eit samantreff:

– Det er i hovudsak i slutten av september og i oktober at innbrota har skjedd. Vi har hatt nokre forsøk på sommaren òg, men ikkje der vi har blitt så grundig robba som no.

Kvar september eller oktober sidan 2014 har kiosken blitt utsett for eitt eller fleire innbrot.

– Eg har no laga ei lang liste med kva som er sakna, og skal levera denne til Os lensmannskontor.

• Les òg: Mann i 30-åra dømt etter to innbrot på Kuventræ (2016)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.