Innfører forbod mot bruk av open eld
Brannsjef Stein Gjøsund har fatta vedtak om forbod mot bruk av open eld i Os.
Frå og med søndag 27. mai klokka 1200 og inntil vidare er det totalforbod mot bruk av open eld i Os kommune.
– Bakgrunn for avgjerda er lengre tid utan nedbør, høge temperaturar og vind. Forbodet omfattar bruk av open eld som kan antenne gras, skog og liknande, heiter det i vedtaket frå brannsjefen.
Fleire gjer det same
Os kommune er ikkje aleine om å slike vedtak.
– Vi samsnakkar med blant anna Bergen når det gjeld dette, fortalde Gjøsund til Midtsiden før helga.
Tilsvarande forbod er melllom anna vedtatt i Bergen, Samnanger, Tysnes, Osterøy og Vaksdal.
Meterologane melder på langtidsvarselet at det ikkje vil komma nedbør i løpet av dei neste åtte dagane.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.