Kultur | 15. mai 2012

- Inspirert av det maritime

Dei maritime omgjevnadane rundt Vedholmen galleri har gitt Line Hvoslef inspirasjonen til årets festspelutstilling.

- Inspirert av det maritime
Gallerist Vibeke Harild og billedkunstnar Line Hvoslef i ferd med å hengje opp eitt av bileta til utstillinga på Vedholmen Galleri (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 15. mai 2012 13:26

Laurdag opnar Galleri Vedholmen si fjerde utstilling for året. Denne gongen i samband med festspela i Bergen kor den bergensbaserte billedkunstnaren Line Hvoslef kjem med si salsutstilling.

- Dette er berre andre gongen eg er her ute, fortel Hvoslef i det ho går i gang med å hengja opp kunstverka i galleriet.

- Då eg var her sist blei eg teken av kor flott det er her med nærleiken til sjøen. Dette har inspirert meg når eg har mala.

Hvoslef nyttar forskjellege teknikkar som akvarell og oljemaling. Motiva hennar ligg i skjæringspunktet mellom det figurative og non-figurative.

- Eg vil at bileta skal kunne tolkast på mange måtar.

- Eg vil trigge din fantasi, men i denne utstilling har eg inkludert direkte figurative element henta frå havet og sjøen, forklarar kunstnaren.

Utstillinga vil bli opna av kunsthistorikar Wenche Qvale og tonesett av fiolinist Tormod Rebnor. Utstillinga vil bli hengande til 17. juni.

Tre på ein gong

Utstillinga på Vedholmen er ikkje det einaste prosjektet Hvoslef arbeidar med for tida. Samstundes som ho har førebudd seg til ein tur i Øyane har ho helde på med utsmykkinga av trappeoppgangen ved Bergen kulturskule, eit prosjekt ho starta på i 2004.

Ho held også på med utsmykkinga av murfasadar i Østre Skostredet i Vågsbunnen i Bergen saman med ein grafittikunstnar. Dette prosjektet er i samband med Nattjazzen og skal avdekkast på opninga 23. mai.

- Det har vore veldig spennande. Det er noko heilt anna å stå ute blant folk og arbeida, enn å jobba aleine i eit atelier.

- Det er mange som kjem bortom for å så av ein prat og for å fortelje kva dei tykkjer om arbeidet, sjølv om det ikkje er ferdig, avsluttar Line Hvoslef.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.